Jordskifte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jordskifte (før: utskifting) går ut på å endre eigar- og/eller brukstilhøve for å skape ei meir tenleg og effektiv utnytting av faste eigedomar «som det er vanskeleg å nytte ut på tenleg måte etter tid og tilhøve», det vil seie landbrukseigedomar som til dømes ikkje kan nyttast på høveleg vis av di sameige, omfattande bruksrettar, ulaglege grenser osb. gjer eigedomen eller eigedomane vanskelege å drive. Meininga er å omforme eigedomane slik at kvart bruk får jorda mest mogleg samla og kan verte ei høveleg driftseining.

Dersom jordskiftet ikkje kan gå føre seg friviljug, kan det gjennomførast med tvang av jordskifteretten, som er ein særdomstol samansett av ein jordskiftedommar og to domsmenn. Jordskifteretten står særs fritt i valet av midlar for å nå målet for jordskiftet, og kan fritt endre eigedomsgrenser, avløyse bruksrettar, oppløyse sameige, gjere vedtak om felles tiltak i eit område, fastsette at hus, vegar og liknande skal flyttast, og kan etter krav frå ein eller fleire av partane, gje føresegner om korleis bruksrettar skal nyttast, korleis beiting i ålmenningar skal gå føre seg osb. Dei nye eigedomsgrensene som jordskifteretten fastsett, skal merkast opp i terrenget og dessutan skildrast med ord, og i regelen vert heile området kartlagt.

Avgjerder i jordskifteretten kan ankast til jordskifteoverretten eller lagmannsretten av den eller dei av partane i saka som meiner det er grunn til det. Dersom anka gjeld avgjerder om grenser, eigedomsrett eller bruksrett innanfor det området som jordskiftet femner om, det såkalla jordskiftefeltet, eller anka gjeld feil i saksførehavinga, skal det ankast til lagmannsretten. I alle andre høve skal det ankast til jordskifteoverretten, som er samansett av ein jordskifteoverdommar og fire meddommarar.

Jordskiftedommarar skal ha ei særskild utdanning frå Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) i Ås kommune i Akershus fylke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]