Francisco Goya
| Francisco Goya | |
| Statsborgarskap | Spania |
| Fødd | 30. mars 1746 Fuendetodos |
| Død |
16. april 1828 (82 år) |
| Yrke | kunstmålar, grafikar, litograf, raderer, grafikar, teiknar, biletkunstnar |
| Sjanger | portrettmåleri, mytologisk maleri, slagmaleri, historiemåleri, religiøst maleri, portrett, sjangermåleri, stilleben |
| Medlem av | Real Academia de Nobles y Bellas Artes de San Luis |
| Far | José Benito de Goya y Franque |
| Mor | Gracia de Lucientes y Salvador |
| Ektefelle | Josefa Bayeu |
| Born | Francisco Javier Goya Bayeu |
| Francisco Goya på Commons | |
Francisco José de Goya y Lucientes (30. mars 1746–16. april 1828) var ein spansk kunstmålar og grafikar. Han var knytt til hoffet i Madrid, og arbeida for kongane Karl IV og Ferdinand VII. Han er kalla far til den moderne kunsten.
Goya var ein evnerik portrettmålar i tradisjonen frå Velázquez og Rembrandt, og han hadde stor påverknad på seinare kunstnarar som Édouard Manet. Goyas arbeid er prega av ein personleg stil og eit sterk sosialt samvit. Han produserte historiske og samfunnsdokumentariske komposisjonar, og karikaturar av kvardagsliv og eventyrscener. Mellom hans sterkaste og mest kjende arbeid er ein serie bilete som framstiller krigens gru og lidingar.
Goya vart gradvis døv frå 1792. Mot slutten av livet levde han eit inneslutta og produserte skremmande og gåtefulle bilete av galskap og livets skuggesider. Hans måleri frå denne perioden vert kalla Pinturas negras og enkelte menar at dette er eit varsel om den seinare ekspresjonistiske kunsten.
Goya levde sine siste år i sjølvpålagt politisk eksil i Bordeaux i Frankrike.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Francisco de Goya, sjølvportrett 1815.
- Den nakne Maja 1799–1800
- Den påkledde Maja 1800–1803
- Goya sitt gruppeportrett av den spanske kongefamilien frå 1801 braut med tidlegare idealiserande tradisjonar.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Triumph of the will. Artikkel om dei seine arbeida til Goya.
Denne kunstartikkelen som har med Spania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |