Ferdinand VII av Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ferdinand VII
Fernando VII, by López.jpg
Konge av Spania
Regjeringstid Første gong 19. mars 1808-6. mai 1808
Andre gong 11. desember 1813-29. september 1833
Fødd 14. oktober 1784
Fødestad San Ildefonso
Død 29. september 1833
Dødsstad Madrid
Føregjengar 1. Karl IV
2. Joseph I
Etterfølgjar 1. Joseph I
Isabella II
Gift med Maria Antonietta
Maria Isabel
Maria Josepha av Sachsen
Maria Kristina Bourbon
Born Isabella II av Spania
Luisa Fernanda

Ferdinand VII (14. oktober 178429. september 1833) var konge av Spania frå mars til mai 1808 og seinare frå 1813 til han døydde i 1833. Han var den eldste sonen til Karl IV og Maria Louisa av Parma, og blei fødd i slottet El Escorial nær Madrid.

Oppvekst og styre[endre | endre wikiteksten]

Ferdinand voks opp som tronarving, men som ungdom blei han halden unna alt som hadde med styre å gjera av foreldra og favoritten deira, statsminister Manuel de Godoy. I 1807 var han innblanda i eit kuppforsøk mot Godoy, El Escorial-konspirasjonen. Konspirasjonen blei oppdaga og Ferdinand tilstod, sa namna på medkonspiratørane og bad om tilgjeving. Medkonspiratørane hans blei stilde for retten og frikjende.

Spania var på denne tida hardt pressa av Frankrike under Napoleon. I 1808 reiste kongefamilien sørover frå Madrid då dei frykta ein fransk invasjon. Då dei kom til Aranjuez reiste folk der seg mot kongsmakta i det såkalla «mytteriet i Aranjuez» (spansk Motín de Aranjuez). Oppreisten tvinga kong Karl IV til å abdisera, og Ferdinand blei innsett som ny konge 19. mars 1808. Napoleon baud dei koma til Bayonne under påskot om å mekla i konflikten. I staden tvinga han begge til å abdisera til fordel for broren sin Joseph Bonaparte. Ferdinand blei halden fanga på Valençay-slottet i seks år.

Ein folkeleg oppreist mot Bonaparte-styret førte til Den spanske sjølvstendekrigen, og Ferdinand blei erklært som den rette kongen av Spania. Etter fleire nederlag gjekk Napoleon med på å godta Ferdinand som konge att den 11. desember 1813.

'Triumferande velkomst for Ferdinand i Valencia', 1814

24. mars 1813 blei Ferdinand overgjeven til den spanske hæren i Girona og ført i triumf mot Madrid.[1] Men riket hadde forandra seg under fangenskapen hans, med ein ny liberal grunnlov og utbrotet av sjølvstendekrigane mot Spania i Amerika. Ferdinand blei ikkje godteken som eineveldig konge att, men måtte lova å godta grunnloven av 1812. Konservative og kyrkja oppmuntra han til å ikkje godta grunnloven, og 4. mai erklærte han loven ugyldig. 10. mai blei dei liberale leiarane bak loven arresterte. Han førte seinare eit autokratisk, ustabilt styre der han stadig avsette og til tider arresterte ministrar. Sjølvstendekrigane i det spanske imperiet gjorde at Spania tapte store inntekter, og fekk ein dårleg økonomi.

I 1820 braut det ut eit opprør mot kongen leia av Rafael del Riego. Opprørarane ville gjenninføra grunnloven av 1812. Ferdinand blei teken til fange og lova å gjera som dei ville. Då Frankrike invaderte landet til fordel for kongen i 1823 blei Ferdinand ført til Cádiz. Etter slaget ved Trocadero fall Cádiz og kongen blei frigjeven. Trass i at han hadde sverga å gje opprørarane amnesti tok Ferdinand kraftig hemn gjennom ei rekkje avrettingar. Dei siste regjeringsåra hans var prega av ein reaksjonær absolutisme, og blei kjend som «det mørke tiåret» (Década Ominosa).

Ekteskap og tronfølgje[endre | endre wikiteksten]

Ferdinand VII og María Cristina måla av Luis de la Cruz y Ríos (1823)

Ferdinand VII var gift fire gonger. I 1802 gifta han seg med kusina si, Maria Antonietta av Dei to Sicilia (1784–1806), dottera til Ferdinand I av Dei to Sicilia og Marie Caroline av Austerrike. Maria Antonietta døydde i 1806. Dei fekk ingen levandefødde barn.

I 1816 gifta Ferdinand seg med niesa si, Maria Isabel av Portugal (1797–1818). Ho var dotter av den eldre syster hans Carlota Joaquina og Johan VI av Portugal. Maria Isabel fekk to døtre, men den eine døydde berre fem månader gammal og den andre var dødfødt.

I 1819 gifta Ferdinand segg opp att med prinsesse Maria Josepha Amalia av Saxen (1803–1829) som var dotter av Maximilian av Saxen og Caroline av Bourbon-Parma. Heller ikkje dette ekteskapet gav han barn.

Den siste kona hans var ei anna niese, Maria Kristina av Dei to Sicilia (1806–1878), som han gifta seg med i 1829. Ho var dotter av den yngre systera hans Maria Isabella av Spania og Frans I av Dei to Sicilia. Dei fekk to barn som levde, Isabella og Luisa. Mot slutten av livet sitt fekk dronninga kongen til å setja til side den saliske tronfølgjeloven som sa at berre menn kunne arva trona, slik at dottera deira Isabella kunne etterfølgja han. Kongen sin bror Don Carlos godtok ikkje endringa, og Carlistkrigane braut ut.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Artola, Miguel. La España de Fernando VII. Madrid, Espasa, 1999, 405. ISBN 84-239-9742-1
  2. A.W. Ward and G.P. Gooch (1970). The Cambridge History of British Foreign Policy 1783-1919 (reprint utg.). CUP. s. 186–87. 
  3. John Van der Kiste (2011). Divided Kingdom: The Spanish Monarchy from Isabel to Juan Carlos. History Press Limited. s. 6–9. 
  • Denne artikkelen bygger på «Ferdinand VII of Spain» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juli 2015.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Chisholm, Hugh, ed. (1911). Encyclopædia Britannica (11th ed.). Cambridge University Press.
      • Carr, Raymond. Spain, 1808-1975 (1982)
      • Clarke, Henry Butler. Modern Spain, 1815-98 (1906) pp 1–92; online
      • Fehrenbach, Charles Wentz. «Moderados and Exaltados: The Liberal Opposition to Ferdinand VII, 1814-1823.» Hispanic American Historical Review (1970): 52-69. JSTOR
      • Payne, Stanley G. History of Spain and Portugal: v. 2 (1973) pp 415–36
      • Woodward, Margaret L. "The Spanish Army and the Loss of America, 1810-1824." Hispanic American Historical Review (1968): 586-607. JSTOR

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]