Grøftesoleie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grøftesoleie
Grøftesoleie
Grøftesoleie
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Underfamilie: Ranunculoideae
Stamme: Ranunculeae
Slekt: Soleieslekta Ranunculus
Art: Grøftesoleie R. flammula
Vitskapleg namn
Ranunculus flammula

Grøftesoleie (Ranunculus flammula) er ei plante i soleiefamilien. Ho er utbreidd i Europa og Asia. Planta er kring 2 dm høg, og er snau med einskilde hår. Grøftesoleia har knebøygd stengel og smalt avlange blad, dei nedre blada er litt tagga. Planta har langskafta gule blomstrar som er 1-2 cm breie. Ho får ei nøtt med kort rett nebb. Grøftesoleier blømer kring juli i grøfter og andre våte stader. Planta finst i Noreg nord til Lofoten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.