Grøne flekkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grøn flekk observert frå La Silla observatoriet i Chile.

Grøne flekkar eller grøne glimt er eit sjeldant optisk fenomen som oppstår like etter at sola har gått ned eller like før sola står opp. Ein grøn flekk oppstår like over sola og varer berre nokre sekund. Av og til kan ei grøn lysstråle stråle opp frå sola. Ein kan vanlegvis sjå dei frå ei låg høgd der ein har fri sikt til horisonten, slik som ved havet.

Forklaring[endre | endre wikiteksten]

Sollys er bygd opp av fargar av forskjellig bølgjelengd, og desse blir spreidd av støvpartiklar når dei går gjennom atmosfæren. Det er dette som gjer at fargen på himmelen kan variere frå blått til raudt avhengig av kor mykje støv det er i atmosfæren og kva for ein bane lyset tar. Når sola går ned eller står opp blir sollyset refraktert i atmosfæren og dannar eit vertikalt fargespekter. Desse fargane forsvinn ein etter ein og den raude enden av spekteret forsvinn først. Eit kort augneblink etter at raudt, oransje og gult har forsvunne er berre den grøne delen av spekteret synleg. Viss lufta hadde vore støvfri, ville det ha kome eit blått glimt og til slutt eit fiolett. Atmosfæren inneheld derimot nesten alltid nok støvpartiklar til å spreie blått og fiolett lys. Moderate støvmengder refrakterer òg grønt lys, og det er årsaka til at fenomenet er sjeldan å sjå. Brytinga av lyset kan bli forsterka av temperaturinversjonar.

Solnedgong ved Raja Ampat i Indonesia

Visst ein brukar ein kikkert eller teleskop (men aldri sjå rett på sola!) kan ein sjå ei grøn rand på toppen av sola i nesten alle solnedgongar i klårt vêr. Men for å sjå ein grøn flekk må ein ha ein inversjon i atmosfæren og ei luftspegling som forlenger levetida til flekken frå eit brøkdel av eit sekund til eit par sekund.

Av og til kan ein sjå grøne flekkar i toppen av ei sky, vanlegvis når sola går ned i tåke eller cumulusskyer nær horisonten. Korleis desse grøne flekkane oppstår kan ein derimot ikkje forklare.

Blå flekkar[endre | endre wikiteksten]

Ofte kan ein sjå blå flekkar i samband med grøne flekkar, og dette kjem av at ikkje all det blå lyset blir spreidd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]