Cumulus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cumulus
Godvêrsskyer
Godvêrsskyer
Høgd 500-2000 m
Utsjånad Enkelståande, tette skyer med skarpe konturar. «Blomkålliknande».
Nedbørsky? Nei
Forkorting Cu

Cumulus eller haugskyer er ei type sky som høyrer til gruppa låge skyer. Desse består av enkeltståande, tette skyer med skarpe konturar med kuleform eller tårn, og av utsjånad kan dei minne om ein blomkål. Skya er kvit med ei noko mørkare, flat underside. Skyene oppstår ved at stigande luftrørsler i instabile luftlag blir avkjølt og kondenserer. Cumulusskyer finn ein over heile verda, med unntak av Antarktis der låge overflatetemperaturar motverkar konveksjon.

Cumulus humilis[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire typar cumulusskyer, og skilnaden mellom dei er den vertikale utstrekkinga. Dei minste cumulusskyene vert kalla Cumulus humilis eller godvêrsskyer. Humilis er latinsk for «beskjeden». Høgda skyene oppstår i er avhengig av fukta i luftmassane som ligg rundt dei. I område med høg fukt, som kystområde eller tropiske strøk, kan undersida på skya - skybasen - ligge i om lag 500-600 m, medan den i tørrare område kan ligge noko høgare, men sjeldan så høgt som 2000 m. Dei oppstår pga av oppvarming av den lågare jordatmosfæren, som ein kan forvente i fint vêr. Dette fører til stigande luftrørsler og kondensasjon når lufta blir avkjølt i høgda. På grunn av liten vertikal utstrekning gjev ikkje desse skyene verken vind eller nedbør, men kan innehalde lett turbulens for fly som fyk rett igjennom dei.

Visst skyene ikkje viser teikn på at dei skal vidareutvikle seg vertikalt, tyder det på at temperaturen i atmosfæren over anten søkk veldig seint eller ikkje i det heile tatt. Det vil igjen sei at det er stabile luftlag over desse skyene. Skyene kan oppstå i lag med andre skytypar, men når dei oppstår under klar himmel er det stor sjans for at vêret held seg fint dei neste timane. Teknisk sett er ei cumulussky rekna for å vere cumulus humilis visst den er breiare enn den er høg.

Cumulus mediocris[endre | endre wikiteksten]

Ved litt sterkare konveksjon enn den som dannar cumulus humilis, kan godvêrsskyene utvikle seg litt meir vertikalt. Desse skyene kallar vi Cumulus mediocris, som er latinsk for «moderat». Desse skyene er som regel like høge som dei er breie. Dei oppstår i same høgde som cumulus humilis og er ofte ein overgangsfase til den meir vertikalt utvikla cumulus congestus (opptårna cumulus). Mediocris blir som regel danna seint på føremiddagen eller tidleg ettermiddag, etter at bakken har blitt tilstrekkeleg oppvarma til å danne den auka konveksjonen. Visst det er kraftig vind i skyhøgda, kan vinden rive skyene i mindre bitar, kalla cumulus mediocris fractus. Cumulus mediocris har òg for liten vertikal utstrekning til å produsere nedbør, men med kraftigare vertikale luftrørsler kan dei utvikle seg til Cumulus congestus (opptårna cumulus) og Cumulonimbus (bygeskyer).