Fargespekter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fargespekteret er eit ord som skildrar alle synlege former for monokromatisk lys, det vil seie lys med ein bestemt bølgjelengde. Regnbogen inneheld alle fargane i fargespekteret. Grunnfargane høyrer til fargespekteret, men nokre fargar og nyansar består av fleire enn ein bølgjelengde og finst difor ikkje i fargespekteret (og dermed ikkje i regnbogen). Døme er fargar som kvit, rosa, brun og grå.

Bølgjelengder i fargespekteret[endre | endre wikiteksten]

Bølgjelengdane er oppgjeve i nanometer og frekvensane er oppgjeve i terahertz. Overgangen mellom fargane er flytande, så tala er berre eit overslag.

Farge Bølgjelengde Frekvens
Raud ~ 625-740 nm ~ 480-405 THz
Oransj ~ 590-625 nm ~ 510-480 THz
Gul ~ 565-590 nm ~ 530-510 THz
Grøn ~ 520-565 nm ~ 580-530 THz
Turkis ~ 500-520 nm ~ 600-580 THz
Blå ~ 450-500 nm ~ 670-600 THz
Indigo ~ 430-450 nm ~ 700-670 THz
Fiolett ~ 380-430 nm ~ 790-700 THz

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]