Vinkeleininga grad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Grader (vinkel))
Gå til: navigering, søk

Grad (frå latin gradus, steg; symbol ) er ei eining for vinkelmål som nyttar teiknet °.

Ein sirkel kan delast opp i til saman 360 grader, noko som til dømes vert gjort når ein talar om lengde- og breiddegrader til jorda. Ein rett vinkel som til dømes alle vinklane i eit rektangel er på 90°.

Talet 360 blei truleg vald fordi det kan delast med 24 ulike positive heiltal, medrekna alle heiltall frå 1 til 10 bortsett frå 7. Dette gjorde det enkelt å dela sirkelen inn i mindre vinklar og rekna på desse i hovudet.

Dette kartutsnittet viser at den ukrainske landsbyen Machliniec ligg noko aust for 45'.

Idéen om at det skal vera 360 grader i ein sirkel er noko kunstig og tilfeldig, meir knytt til talteori enn geometri. Derfor bruker ein gjerne heller radiusbaserte radianar som eining for vinkelmål i matematikken.

Når grader blir brukte for å måla vinklar bruker ein ofte òg minutt, der eitt minutt er 1/60 av ei grad, symbolisert med ′, og sekund, der eitt sekund er 1/60 av eit minutt, eller 1/3600 av ein grad, og symbolisert med ″. Desse mindre einingane blir særleg brukt når ein viser til ein stad på jorda med lengde- og breiddegrader. Dei er òg utgangspunktet for tidseiningane minutt og sekund.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]