Grafikkort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grafikkortet GeForce RTX 3090 Founders Edition frå Nvidia, utgjeve i 2020

Eit grafikkort, eller skjermkort, er ein komponent i ei datamaskin som handsamar grafikk som vert vist på ein tilkopla skjerm. Grafikkortet er vanlegvis eit eksternt ekspansjonskort kopla til ein busshovudkortet i datamaskina, men mange moderne hovudkort kjem med enkle grafikkløysingar integrert i sjølve hovudkortet. Slike integrerte løysingar høver godt for arbeidsstasjonar som nyttar programvare med ikkje treng å presentere avansert grafikk, som til dømes kontorapplikasjonar. Tyngre oppgåver som til dømes dataspel, videoredigering og avansert 3D-grafikk krev framleis eit dedikert grafikkort. Nokre simuleringsverktøy som MatLab kan òg gjera seg nytte av avanserte grafikkkort.[1] Grafikkprosessoren i slike kort avgjev mykje varme, så korta har eigne kjølevifter.

Grafikkort har fått ei dominerande rolle innanfor kunstige nevrale nettverk av di dei same eigenskapane som gjev snøgg grafikkhandsaming gjev snøgg utrekning for slike algoritmar. Mellom anna er grafikkort spesialiserte for å gjera utrekningar parallelt og har minne med høg bandbreidd.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Feldman, M., MATLAB Adds GPGPU Support, HPCwire.com, 20/10-2010.
  2. Goodfellow, Ian; Bengio, Yoshua; Courville, Aaron (2016). «Chapter 12: Applications». Deep Learning. MIT Press. ISBN 978-0-26203561-3. Henta 5. juni 2021. 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]