Grankrossnebb
Utsjånad
| Grankrossnebb | |
Grankrossnebb (ho) | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Status i Noreg: Utbreiinga av Grankrossnebb | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
| Familie: | Finkefamilien Fringillidae |
| Slekt: | Loxia |
| Art: | Grankrossnebb L. curvirostra |
| Vitskapleg namn | |
| Loxia curvirostra | |
Grankrossnebb (grankorsnebb) er fuglar i finkefamilien (Fringillidae). Han er ein flyttfugl.

Grankrossnebben er 16 cm og har eit vengespenn på 27-30 cm. Han er ein stor, tettbygd fink med eit tjukt, kryssa nebb.
Dei mørkebrune vengene og stjerten og den fargerike overgumpen er tydelege i flukt. Hannen er raud, med rosa-raud overgump; hoa er grågrøn med gulgrøn overgump.
Grankrossnebben lokkar med ein høg, metallisk, stakkato glipp-glipp-glipp. Han liknar på skottekrossnebb (i Skottland) og furukrossneb (Fennoskandia).
Føda er mest granfrø. Grankrossnebben legg oftast egg i februar—mars. Han er vanleg over heile Noreg viss frøsettinga er god.[2]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Grankrossnebb i snøen.Foto: Svein Jan Hjelmeset
- Film
- Egg
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Referansar
- ↑ Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av grankorsnebb Loxia curvirostra for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022.