Great Garlic Girls
| Great Garlic Girls | |||
| Aktiv | 1981– | ||
|---|---|---|---|
| Sjanger | pop, slager, house, Show, kabaret, burlesk | ||
| Plateselskap | Tribe Records | ||
Great Garlic Girls er ei norsk revygruppe som sidan 1981 har opptredd med ei rekke dragshow, det vil seie førestillingar der menn kledde som kvinner framfører kostyme-, dans- og musikknummer.
Gruppa vart starta av Olav Klingen, Simen Sand og Morten Rudå og hadde premiere på Pilen restaurant 1. juni 1981. Frå 1984 bestod gruppa av Olav Klingen, Jonny Nymoen og Terje Schröder. Olav Klingen måtte slutte i 1992 etter at ei ulykke sette ein stoppar for karrieren hans. Nymoen trekte seg tilbake i 2016.[1] Ronny Wilhelm vart fast medlem i 2015. Tidlegare medlemmar av gruppa har i tillegg til Klingen vore Dean-Erik Andersen, Kåre Jonny Enderud og Geir Lillejord. Simen Sand var koreograf for gruppa frå starten.
Gruppa har turnert i Noreg, Danmark, Sverige, Vest-Tyskland og på Færøyane og Island og vore med i TV-show i Noreg og Danmark. I 1986 vann ho Melodi Grand Prix med songen «Romeo», framført saman med Ketil Stokkan, og representerte Noreg i den internasjonale finalen i Eurovision Song Contest. I 1987 deltok gruppa med det norske bidraget i Festival Rose d'Or, med showet Ladies but Gentlemen.
30. april 2006 arrangerte gruppa 25-års-jubileumsshow på Latter på Aker Brygge i Oslo.[2] Hausten 2006 oppnådde dei 1. plass på ei italiensk hitliste med låta «High Energy», som for øvrig var namnet på showet til gruppa i 2003.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Jonny Nymoen». Se og Hør. Arkivert frå originalen 20. september 2016. Henta 4. mai 2016.
- ↑ «The Great Garlic Girls - 40 år -». latter.no (på norsk bokmål). Henta 1. februar 2026.