Green av R.E.M.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Green
Studioalbum av R.E.M.
Utgjeve November 1988
Innspelt Mai – september 1988
Sjanger Collegerock
Lengd 41:01
Selskap Warner Bros. Records
Produsent Scott Litt og R.E.M.
R.E.M.-kronologi
Document
(1987)
Green Out of Time
(1991)


Green er eit musikkalbum frå den amerikanske rockegruppa R.E.M. som vart gjeve ut i 1988.

Med albumet Document frå 1987 var R.E.M. ferdig med kontrakten med I.R.S. Records. Bandet valde å gå over til ein større aktør grunna mangel på passande reklame utanfor USA. I 1988 signerte R.E.M. ein kontrakt verd 10 millionar USD med Warner Bros. Records for dei neste fem albuma. Vilkåra i kontrakten sa at gruppa fekk heile opphavsretten til songane sine.

Green var det fyrste albumet for Warner Brothers, og tok til saman fire månader å spele inn og mikse. Det vart gjeve ut i november 1988 for å treffe saman med det amerikanske presidentvalet i 1988. Medlemmene i R.E.M. endra medvitne opptaksvanane sine for å unngå å gå i fella med å gje ut praktisk tala same album år etter år. Bill Berry, Peter Buck og Mike Mills lærte seg kvarandre sine instrument, og skifta roller under opptaka. Michael Stipe var også med på endringa i låtskrivingsprosessen. I staden for å skrive tekstar til ferdige melodiar, slik han hadde gjort med dei andre albuma, byrja han å skrive tekstane under eller før melodiskrivinga.

Framsidebiletet til plata er måla av minimalistteiknaren Jon McCafferty. Sjølv om tittelen på albumet er «Green», er framsidebiletet oransje på farge. Dette er fordi det negative biletet ein ser dersom ein stirrar på biletet i nokre sekund, og så latar att auga, er grønt. Når ein ser framsida på denne måten ser motivet på framsidebiletet ut som grønt gras.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle tekstane og melodiane er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.

  1. «Pop Song 89» – 3:04
  2. «Get Up» – 2:39
  3. «You Are the Everything» – 3:41
  4. «Stand» (opplista som spor nummer R på sporlista) – 3:10
  5. «World Leader Pretend» – 4:17
  6. «The Wrong Child» – 3:36
  7. «Orange Crush» – 3:51
  8. «Turn You Inside-Out» – 4:16
  9. «Hairshirt» – 3:55
  10. «I Remember California» – 4:59
  11. Untitled – 3:10
R.E.M.
Michael Stipe | Peter Buck | Mike Mills | Bill Berry
Diskografi
Studioalbum: Murmur (1983) | Reckoning (1984) | Fables of the Reconstruction (1985) | Lifes Rich Pageant (1986) | Document (1987) | Green (1988) | Out of Time (1991) | Automatic for the People (1992) | Monster (1994) | New Adventures in Hi-Fi (1996) | Up (1998) | Reveal (2001) | Around the Sun (2004) | Accelerate (2008) | Collapse into Now (2011)
EP-ar: Chronic Town (1982) | Not Bad for No Tour (2001)
Samlealbum: Dead Letter Office (1987) | Eponymous (1988) | The Best of R.E.M. (1991) | Singles Collected (1994) | In the Attic (1997) | In Time (2003) | And I Feel Fine (2006)
Andre album: Man on the Moon (1999) | r.e.m.IX (2002) | R.E.M. Live (2007)
Filmar
Succumbs (1987) | Tourfilm (1990) | Pop Screen (1991) | This Film Is On (1991) | Parallel (1995) | Road Movie (1996) | In View (2003) | Perfect Square (2004) | When the Light Is Mine (2006)
Tilknytte artiklar
Athens i Georgia | Alternativ rock | Hindu Love Gods | The Troggs | Athens Andover | I.R.S. Records | Warner Bros. Records | Hib-Tone