The Troggs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Troggs
The Troggs (1966).png
The Troggs i 1966. V-H: Pete Staples, Ronnie Bond, Chris Britton og Reg Presley
Alias The Troglodytes
Opphav Andover i Hampshire i England
Sjanger
Aktive år Sidan 1964
Tilknytte artistar Ten Feet Five, R.E.M.
Plateselskap
Nettstad thetroggs.co.uk
Medlemmer
  • Chris Britton
  • Pete Lucas
  • Dave Maggs
  • Chris Allen
Tidlegare medlemmer

The Troggs (opphavleg kalla The Troglodytes)[3][4] er eit engelsk garasjerockband frå Andover i Hampshire i mai 1964. Dei hadde ei rekkje hittar i Storbritannia og USA. Dei mest kjende songane deira er «Wild Thing», «With a Girl Like You» og «Love Is All Around», som alle selde over 1 million eksemplar kvar og vart gullplater.[5] «Wild Thing» vart rangert på 257. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 besste songane gjennom tidene og påverka garasjerock og punkrock.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

The Troggs i 1971

Reg Presley (solovokal) og Ronnie Bond (trommer) var barndomsvener og tidleg i 1960-åra skipa dei eit R&B-band i heimbyen Andover.[7] I 1964 fekk dei med seg Pete Staples (bass) og Chris Britton (gitar) og vart The Troggs.[7] Dei vart signert av Larry Page, manageren til The Kinks, i 1965, og spelte inn musikk for selskapet hans, Page One Records, og Page leigde dei ut til CBS for debutsingelen «Lost Girl».[3] Den mest kjende singelen deira var «Wild Thing» (skriven av Chip Taylor) og då han vart brukt i fjernsynsserien Thank Your Lucky Stars klatra han til andreplassen i Storbritannia og heilt til topps i USA i juli 1966. Kombinasjonen av eit enkelt, tungt gitarriff og ein flørtande tekst vart songen raskt ein garasjerockstandard. Han vart spelt inn i Olympic Studios i London, med Keith Grant som lydteknikar. På grunn av ein strid kring distribusjonsrettane i USA vart «Wild Thing» gjeven ut på to selskap: Fontana og Atco.[8] Suksessen til bandet i USA var avgrensa sidan dei ikkje turnerte i landet før 1968.[2]

Dei hadde òg andre hittar, som «With a Girl Like You». Denne gjekk til topps i Storbritannia i juli 1966 og 29. plassen i USA. «I Can't Control Myself» nådde andreplassen i Storbritannia i september 1966.[9] Andre singlar var «Anyway That You Want Me» (10. plassen i Storbritannia i desember 1966), «Give It To Me» (12. plassen i Storbritannia 1967), «Night of the Long Grass» (17. plassen i Storbritannia i mai 1967), «Love Is All Around» (5. plassen i Storbritannia i november 1967 og 7. plassen i USA i mai 1968) og «Hi Hi Hazel» (42. plassen i Storbritannia i 1967). Populariteten til bandet dalte året etter. Den tidlegare Plastic Penny-bassisten Tony Murray erstatta Pete Staples i 1969. Richard Moore tok over for Britton på turneen deira i 1972 til 1973. I 1974, etter ein periode på Pye Records, i eit forsøk på gjenskape suksessen i 1960-åra, gjekk The Troggs saman med Larry Page att, som no dreiv Penny Farthing Records. Resultatet vart ein versjon av Beach Boys-hiten «Good Vibrations» men han selde dårleg. Det same gjorde ein reggaeversjon av «Wild Thing». Richard Moore og Colin Fletcher erstatta Britton, som slutta i musikkindustrien ein periode for å drive ein nattklubb i Spania, for innspelinga av albumet The Troggs Tapes i 1976. I 1980-åra fekk bandet kontrakt hos det franske selskapet New Rose og gav i 1982 ut albumet Black Bottom og i 1990-åra AU.

I 1991 spelte dei inn Athens Andover, eit samarbeid med tre medlemmar frå R.E.M.[2] Det vart spelt inn i heimbyen til det amerikanske bandet, Athens og vart gjeven ut i mars 1992.[3]

Bandet prøvde å utnytte denne nye eksponeringa med eit par bisarre samarbeid på nye versjonar av «Wild Thing». I 1992 slo dei seg saman med skodespelaren Oliver Reed og snooker-spelaren Alex Higgins, og ein annan versjon kom året etter med Wolf frå TV-showet Gladiators, og denne nådde 69. plassen på UK Singles Chart.[3] I 1994 gjekk Wet Wet Wet sin versjon av «Love Is All Around» til topps på den britiske singellista og låg der i heile 15 veker.

Den opphavlege trommeslagaren i bandet, Ronnie Bond, døydde 13. november 1992. I januar 2012 trekte Reg Presley seg attende etter å ha fått lungekreft. Bandet fortsette med den nye songaren Chris Allen. Presley døydde 4. februar 2013.[10]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

The Troggs vert rekna som eit viktig band for utvikinga av garasjerock og punkrock.[6] Den amerikanske musikkskribenten Lester Bangs kalla bandet «ættefedrene til punken».[11] Til dømes inspirerte The Troggs artistar som Iggy Pop,[12] og den tidlege versjonen av dei britiske pop-punk-pionerane Buzzcocks spelte «I Can't Control Myself» på konsertane sine. Ramones er òg blant punkbanda som har omtalt The Troggs som ei inspirasjonskjelde.

The Jimi Hendrix Experience spelte «Wild Thing» på Monterey Pop Festival i 1967, og introduserte han som ein felles britisk-amerikansk «nasjonalsong», og framføringa enda med at Hendrix sette fyr på gitaren sin.[2]

The Troggs i 2014

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Chris Britton – sologitar, korvokal (1964–1972) (sidan 1979) (berre utvalte konsertar)
  • Pete Lucas – sologitar (1974) bass, korvokal (sidan 1979)
  • Dave Maggs – trommer (sidan 1984)
  • Chris Allen – solovokal (sidan 2012)

Tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Reg Presley – solovokal (1964–2012; død 2013)
  • Ronnie Bond – trommer (1964–1984; død 1992)
  • Pete Staples – bass, korvokal (1964–1969)
  • Tony Murray – bass, korvokal (1969–1977, 1979-1984)
  • Jo Burt - bass (1977-1979)
  • Richard Moore – sologitar (1972–1979; død 2016)
  • David Wright - rytmegitar, korvokal (1972–1974; død 2008)
  • Colin Fletcher - rytmegitar, korvokal (1974–1976)

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Trogglomania (1969)
  • Live at Max's Kansas City (1981)

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • Best of The Troggs (1967) (UK #24)[13]
  • Love is All Around (1968)
  • Best of The Troggs Volume II (1969)
  • Contrasts (1970)
  • With a Girl Like You (1975)
  • Vintage Years (1976)
  • Hit Single Anthology (1991)
  • Archaeology (1967–1977) (1992)
  • Wild Thing (1992) Trace
  • Greatest Hits (1994) (UK #27)[13]
  • The EP Collection (1996)
  • The singles As & Bs (2004) (Storbritannia) : Repertoire Records

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Lost Girl» (1965)
  • «Wild Thing» (1966) – UK #2, US #1, CAN #1,[14] NZ #1,[14] AUS #1,[14] NED #5,[14] GER #7,[14] NZ #28[15]
  • «With a Girl Like You» (1966) – UK #1, US #29, NED #1,[14] NZ #1,[14] SPA #1,[14] NOR #2,[14] GER #2,[14] CAN #11[14]
  • «I Can't Control Myself» (1966) – UK #2, US #43, GER #2,[14] NOR #4,[14] NED #7,[14]
  • «Any Way That You Want Me» (1966) – UK #8, GER #14,[14] NED #21[14]
  • «Give It to Me» (1967) – UK #12, GER #10,[14] NED #21[14]
  • «Night of the Long Grass» (1967) – UK #17, NED #33[14]
  • «Hi Hi Hazel» (1967) – UK #42, NED #39[14]
  • «Love Is All Around» (1967) – UK #5, US #7, CAN #3,[14] GER #15,[14] NED #19[14]
  • «Little Girl» (1968) – UK #37
  • «Little Red Donkey» (1968)
  • «Surprise Surprise» (1968)
  • «You Can Cry If You Want To» (1968) – CAN #12,[14]
  • «Hip Hip Hooray» (1968) – GER #16[14]
  • «Evil Woman» (1969)
  • «That's What You Get Girl» (1969)
  • «Easy Lovin'» (1970)
  • «Lover» (1970)
  • «The Raver» (1970)
  • «Lazy Weekend» (1971)
  • «Everything's Funny» (1972)
  • «Feels Like A Woman» (1972)
  • «Listen To The Man» (1973)
  • «Strange Movies» (1973)
  • «Good Vibrations» (1974)
  • «Wild Thing» (reggaeversjon) (1975)
  • «Summertime» (1975)
  • «(I Can't Get No) Satisfaction» (1975)
  • «I'll Buy You An Island» (1976)
  • «Feeling For Love» (1977)
  • «Just a Little Too Much» (1978)
  • «Coz We're Dancing» (1980)
  • «Black Bottom» (1982)
  • «Every Little Thing» (1984)
  • «Wild Thing '89» (1989)
  • «Don't You Know» (1990)
  • «Wild Thing» (med Oliver Reed og Hurricane Higgins) (1992)
  • «Wild Thing» (med Wolf) (1993) – UK #69)[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nielsen Business Media, Inc. (30. desember 2000). Billboard. Nielsen Business Media, Inc. s. 90. ISSN 0006-2510. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Unterberger, Richie. «The Troggs biography». allmusic.com. Macrovision Corporation. http://www.allmusic.com/artist/p5701/biography. Henta 21. mars 2008. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Strong, Martin C. (2002). The Great Rock Discography, 6th edn. Canongate. ISBN 1-84195-312-1. 
  4. [Clayson, Alan and Jacqueline Ryan Rock's Wild Things: The Troggs File (Helter Skelter, 2000)]
  5. Murrells, Joseph (1979). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 213–214, 232. ISBN 0-214-20512-6. 
  6. 6,0 6,1 Laing, Dave (1985). One chord wonders: power and meaning in punk rock. P.12. Open University Press
  7. 7,0 7,1 «Presley: Troggs Never Left Scene», Bluefield Daily Telegraph (West Virginia, Bluefield): 49, https://newspaperarchive.com/us/west-virginia/bluefield/bluefield-daily-telegraph/1975/08-13/page-49?tag=the+troggs&rtserp=tags/the-troggs 
  8. Billboard – Google Books. Books.google.com. 9. juli 1966. Henta 3. april 2018. 
  9. Billboard – Google Books. Books.google.com. 3. desember 1966. Henta 3. april 2018. 
  10. «Reg Presley of the Troggs dies aged 71». BBC News. http://www.bbc.co.uk/news/uk-21332048. Henta 3. april 2018. 
  11. Ulaby, Neda, «Reg Presley, The Voice Of 'Wild Thing,' Dies», NPR, 3. april 2018. Henta 3. april 2018.
  12. WHSmith Entertainment:The Troggs WH Smith
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 567. ISBN 1-904994-10-5. 
  14. 14,00 14,01 14,02 14,03 14,04 14,05 14,06 14,07 14,08 14,09 14,10 14,11 14,12 14,13 14,14 14,15 14,16 14,17 14,18 14,19 14,20 14,21 14,22 14,23 14,24 «The World's Music Chart (Song Artist 676 – The Troggs)». http://tsort.info/music/1e6khm.htm. Henta 3. april 2018. 
  15. «charts.org.nz – New Zealand». http://charts.org.nz/search.asp?search=The+Troggs&cat=s. Henta 6. februar 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]