Greenockitt
Utsjånad
| Greenockitt | |||
| Greeockittkrystall frå Tsumebgruva i Namibia (biletbreidda er 1 mm) | |||
| Generelt | |||
|---|---|---|---|
| Kategori | Sulfidmineral | ||
| Kjemisk formel | CdS | ||
| Strunz-klassifisering | 02.CB.45 | ||
| Krystallsymmetri | Heksagonal diheksagonal pyramidal H-M-symbol: (6mm) Romgruppe: P 63mc | ||
| Einingscelle | a = 4.136 Å, c = 6.713 Å; Z=2 | ||
| Identifikasjon | |||
| Molekylvekt | 144.48 | ||
| Farge | Honninggul, sitrongul, oransjegul | ||
| Krystallform | Kolloform - danna frå ein gelé eller kolloidal masse; skorpedanningar - dannar skorpeliknande samlingar på matriks; radiell - krystallar stråler ut frå eit senter utan å danne stjerneform (t.d.. stibnitt) | ||
| Krystallsystem | Heksagonal | ||
| Tvilling | Sjeldan på {1122} formar trillingar | ||
| Kløyv | tydeleg på {1122}, uperfekt på {0001} | ||
| Brot | Muslig | ||
| Fastleik | Sprø | ||
| Mohs hardleiksskala | 3.0-3.5 | ||
| Glans | Diamantaktig til harpiksaktig | ||
| Strekfarge | Gul oransje til mursteinsraud | ||
| Transparens | Nesten ugjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
| Spesifikk vekt | 4.8 - 4.9 | ||
| Optiske eigenskapar | |||
| Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
| Brytingsindeks | nω = 2.529 nε = 2.506 | ||
| Dobbeltbryting | δ = 0.023 | ||
| Pleokroisme | Svak | ||
| Kjelder | [1][2][3] | ||
Greenockitt er eit gult mineral, ei heksagonal form av kadmiumsulfid, CdS. Det vert danna i små mengder ved forvitring av sfaleritt (sinkblende) i nokre av kontaktførekomstane i Oslofeltet (Konnerud ved Drammen).
Det vart først skildra i 1840 i Bishopton i Skottland, under sprenginga av ein tunnel for Glasgow, Paisley and Greenock Railway. Mineralet vart kalla opp etter landeigaren Lord Greenock (1783–1859).
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Greenockitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.