Sfaleritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sfaleritt

Sfaleritt
Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formel(Zn,Fe)S
Strunz-klassifisering02.CB.05a
Dana-klassifisering02.08.02.01
Identifikasjon
Fargebrun, gul, raud, grøn, svart.
KrystallformIdiomorf krystallar – opptrer som velforma krystallar med god ytre form. Korna - generelt som allotriomorf til subhedrale krystallar i matriks.
KrystallsystemIsometrisk hekstetraedrisk (4 3m)
TvillingEnkel kontakttvilling eller komplekse lamellerte former, tvillingaksar [111]
Kløyvperfekt
BrotUjamn til muslig
Mohs hardleiksskala3,5-4
GlansDiamantaktig, harpiksaktig, feittete
Strekfargebrunkvit, bleik gul
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg, ugjennomsiktig når jernrik
Spesifikk vekt3,9–4,2
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparIsotrop
Brytingsindeksnα = 2,369
Andre eigenskaparikkje-radioaktiv, ikkje-magnetisk, fluorescerande og triboluminescent.
Kjelder[1][2][3]

Sfaleritt eller sinkblende er eit mineral som består av sinksulfid med varierande mengder jarn. Det inneheld gjerne òg noko mangan og kadmium og dessutan mindre mengder av gallium, indium og germanium. Det har sterk glans og særs varierande farge, vanlegvis gul, brun eller svart. Reint sinksulfid er fargelaust. Sfaleritt kan lett spaltast i seks retningar etter flatene til rombedodekaederet. Det finst på hydrotermale ertsgangar og kontaktførekomstar, ofte saman med galenitt, pyritt og chalkopyritt.

Sfaleritt er den viktigaste sinkmalmen. Mineralet er særs utbreidd òg i Noreg, særleg i kontaktsonene til Oslofeltet (Hakadal, Grua, Modum, Drammensdistriktet) og som underordna bestanddel av kismalmene i Den kaledonske fjellkjeda, som sfaleritt tidlegare vart utvunne frå som biprodukt. Særleg var det betydeleg produksjonen ved Bleikvassli og Mofjellet i Rana.

Wurtzitt er ein sjeldnare heksagonal modifikasjon av ZnS som blir danna ved høgare temperaturar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sphalerite. Webmineral. Retrieved on 2011-06-20.
  2. Sphalerite. Mindat.org. Retrieved on 2011-06-20.
  3. Handbook of Mineralogi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sfaleritt