Grevskapet Mark
Utsjånad
| Grafschaft Mark Comté de La Marck Grevskapet Mark | ||||
| Grevskap innanfor Det tysk-romerske riket | ||||
| ||||
|---|---|---|---|---|
| Hovudstad | Hamm | |||
| Styreform | Grevskap | |||
| Historie | ||||
| - Grunnlagt | 1160 | |||
| - Opphørte | 1806 | |||
| I dag ein del av | ||||
Grevskapet Mark (lokalt også kalla „Die Mark“) var eit territorium i Det heilage tysk-romerske riket i den Nederrhinske-Westfalske Rikskrinsen. Det strekte seg på båe sider langs Ruhr frå Volme og Lenne, mellom Vest-Recklinghausen, den frie riksbyen Dortmund, fyrstebispedømet Münster, grevskapet Limburg, hertugdøma Westfalen og Berg, grevskapet Gimborn, Riksklosteret Werden og Riksstiftet Essen.
Grevane von der Mark høyrde i høgmellomalderen til dei mektigaste og mest viktigaste i Det heilage romerske riket. Namnet deira går tilbake til residensen Burg Mark ved landsbyen Mark, som no høyrer til byen Hamm. Namnet lever vidare i Märkischer Kreis og i den geografiske nemninga Märkisches Sauerland.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
