Hamm
Hamm | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Nordrhein-Westfalen | ||
Region | Arnsberg | ||
Landkreis | Kreisfri by | ||
Høgd | 38–102 m | ||
Areal | 226,43 km² | ||
Folketal | 180 761 (31. desember 2023) | ||
Grunnlagd | 1226 | ||
Postnummer | 59000–59077 | ||
Retningsnummer | 02381, 02382, 02383, 02384, 02385, 02388, 02389, 02307 | ||
Bilnummer | HAM | ||
![]() Hamm 51°40′00″N 7°49′00″E / 51.666666666667°N 7.8166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Hamm |
Hamm er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 180 000 innbyggjarar. Byen ligg nordaust i Ruhr-området ved elva Lippe mellom autobahnane A1 og A2. Jernbanestasjonen er eit viktig knutepunkt og kjend for den spesielle stasjonsbygningen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet «Hamm» tyder ‘hjørne’ i ein gamal plattysk dialekt som vart snakka her i tidlegare tider. Før vart byen òg kalla thom Hamme, som etter kvart endra seg til den moderne forma «Hamm». Han fekk dette namnet fordi han låg ved eit hjørne ved elva Lippe og den smale sideelva Ahse.
Byen vart grunnlagd på oskeonsdag i mars 1226 av Grev Adolf I av Mark.
I 1350 tok Svartedauden livet av nesten heile byen. Berre sju familiar overlevde. Hamm vart medlem av Hansaen i 1469 og ein av dei mektigaste byane i området, medan dagens storbyar i Ruhr framleis berre var små landsbyar. Under trettiårskrigen vart Hamm fleire gongar erobra av forskjellige styrkar. Nesten alle bygningane vart øydelagd, bortsett frå kyrkjene St. Georg (i dag Pauluskirche) og St. Agnes.
I 1847 stoppa det første toget på stasjonen i Hamm, og i 1914 stod Datteln-Hamm-kanalen ferdig og det første skipet kom til hamna i byen.
55 bombetokt frå dei allierte under den andre verdskrigen øydela om lag 80 % av gamlebyen og berre eit par historiske bygningar stod att.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Gründungsprivileg, byrettane til Hamm.
-
Jernbanestasjonen i Hamm (Hauptbahnhof Hamm/Bahnhofshalle )
-
Pauluskirche i Hamm.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hamm» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2007.