Grisetang
Grisetang | ||
| ||
Systematikk | ||
Domene: | Eukaryota | |
Rike: | Chromalveolata | |
Klasse: | Phaeophyta | |
Orden: | Fucales | |
Familie: | Fucaceae | |
Slekt: | Ascophyllum | |
Art: | A. nodosum | |
Vitskapleg namn | ||
Ascophyllum nodosum |
Grisetang er ein vanleg brunalge i strandsonen i Noreg.
Utsjånad[endre | endre wikiteksten]
Ein fleirårig brunalge som kan verte opp til 2 m lang, med olivengrønt fargeskjær, og uregelmessig gaffelgreina. Hovudaksen i tverrsnitt noko ellipseforma og 5-10 mm brei. Tangen manglar midtnerve. Her og der svell akse og greiner opp til gassfylte ovale blærer som er ganske harde. Nedst ei hefteskive som kan bere mange skot. Kjønnsorgan utviklar seg i tjukkare parti (receptaklar) i enden av sidestilte kortskot. Han- og hoorgan på ulike plantar. Dei modnast i juni-juli.
Utbreiing[endre | endre wikiteksten]
Tangen er vanleg langs den nordvestlege kysten av Europa frå Svalbard til Portugal medrekna Færøyane. På andre sida av Atlanterhavet finst han aust på Grønland, kring Nova Scotia, Baffinland, Hudsonsundet, Labrador og Newfoundland.
Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]
Planta veks på berggrunn langs heile kysten, vesentleg i nedre del av sagtangbeltet.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Store mengder grisetang har vorte samla inn kvart år til produksjon av tangmjøl og alginat. Tidlegare vart tangen også nytta til dyrefôr.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- *Denne artikkelen bygger på «Ascophyllum nodosum» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2012.
- Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).