Große Geiger
| Große Geiger | |||
| fjell | |||
Großer Geiger til venstre, sett frå nord | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fjellkjede | Hohe Tauern | ||
| Høgd | 3 360 moh. | ||
| Primærfaktor | 238 m | ||
| Førstestiging | 1871 | ||
| Koordinatar | 47°5′37″N 12°18′29″E / 47.09361°N 12.30806°E | ||
![]() Große Geiger 47°05′35″N 12°18′31″E / 47.093055555556°N 12.308611111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Großer Geiger | |||
Große Geiger er ein 3 360 meter over havet høg fjelltopp i dei såkalla Venediger-fjella i Hohe Tauern i Alpane, på grensa mellom dei austerrikske forbundslanda Tirol og Salzburg.
Große Geiger reiser seg heilt åleine midt på Tauernhauptkamm, hovudfjellkjeda i denne delen av Alpane. Med si utprega symmetriske pyramideform og den mektige nordvestveggen, som reiser seg 350 meter i meir enn 50° over isbreen Obersulzbachkees, er fjelltoppen det dominerande landemerket i heile Obersulzbachtal. Mot alle fire himmelretningane går markerte egger.
Då fjelltoppen er lett å nå, er Große Geiger eit ynda turmål, også for klatrarar. Dei fyrste til topps, Richard Issler og fjellføraren Michael Groder, kleiv opp frå sørsida den 20. august 1871, der Johannishütte står i dag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Großer Geiger» frå Wikipedia på tysk, den 22. juli 2014.
