Grogg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit glas grogg

Grogg (frå engelsk grog) er opphavleg ein drykk stt saman av rom, varmt vatn og sukker,[1] men kan også visa til ulike blandingar av sprit og vatn, brus, juice eller annan alkoholfri drykk.

Drikken kan førast tilbake til ein engelsk amiral, Edward Vernon, som blei kalla «the old Grog» av mannskapet sitt som følgje at han brukte å gå i ein frakk av gjord av ulltøyet kamelott (engelsk grogram).[2] I 1740 gav han ordre om å vatne ut sjømennene sin romrasjon for å minske drukkenskapen deira. Etter han skal difor drykken ha fått namnet sitt. Det er likevel mogeleg at kallenamnet til admiralen kom frå drykken, og ikkje frå frakken hans. Ordet «grog» dukka då nemleg opp i Vernons ordre, men bruken av ordet for å tale om den utspedde rommen i den britiske flåten kom mest sannsynleg etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «grogg» i Nynorskordboka.
  2. «Edward Vernon» (på engelsk). Westminster Abbey. Henta 15. juni 2019.