Grosfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Groosefjorden)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°20′38.112″N 8°36′16.297″E

Grimstad sett frå Grosfjorden

Grosfjorden eller Groosefjorden er ein liten fjord i Grimstad kommune. Fjorden ligg ved sjølve Grimstad og strekkjer seg nordaustover og inn i Vikkilen. Inkludert Vikkilen har han ei lengd på nesten 7 km. Innløpet til Vikkilen er smalt og frå Biodden i Grimstad til Rønnes på austsida er det berre om lag 140 meter. Sjølve Vikkilen er om lag 2,5 km lang og endar opp ved Vik.

Fjorden startar ved Håøya og Rivingen i sør og mellom Grimstad by og indre og ytre Maløya.