Grov
Utsjånad
(Omdirigert frå Grovfjord)
Grov | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Tjeldsund | ||
Areal | 0,61 km² | ||
Folketal | 411 (2023) | ||
Folketettleik | 674 / km² | ||
Postnummer | 9446 GROVFJORD | ||
Ferdselsårer | 825 829 | ||
Grov 68°40′42″N 17°07′19″E / 68.678333°N 17.121944°E | |||
Wikimedia Commons: Grov |
Grov (nordsamisk Roabadállu) er ein tettstad med 411 innbyggjarar per 1. januar 2023 i Tjeldsund kommune i Troms. Staden ligg på austsida av Grovfjorden. Riksveg 825 og 829 møtest i bygda. Av kommunale tilbod er det barne- og ungdomsskule med symjehall, barnehage, bibliotekfilial og bu- og servicesenter. Det er to mekaniske verksemder der, og det vert også drive jordbruk og oppdrett av laks og skjel. Tidlegare vart det laga båtmotorar ved Grov Mek Verksted.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Kart frå SSB over tettstadgrenser i Troms.Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.