Grue prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 60°28′6″N 12°2′14″E

Hovudbygning
Stabbur

Grue prestegard (Søndre Skulstad) ligg eit par kilometer unna kyrkja, nær den staden der kyrkja stod fram til brannen i 1822. Kyrkja vart oppført på grunnen til prestegarden i mellomlalderen,[1] men kyrkjestaden vart flytta etter brannen.

Hovudbygningen vart oppført i 1775. Det er eit laftebygg i to etasjar, ein typisk embetsmannsgard av si tid. Inngangspartiet vart flytta ved ei totalrenovering i 1960-åra, og det har òg tidlegare på 1900-tallet vore gjort om på bygningen. Omkring 1970 vart den gamle drengstua riven, og ein garasje vart oppført. Hovudbygningen er freda saman med eit stabbur frå 1800-talet som ikke lenger er eigd av Opplysningsvesenets fond.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Guthe, Andreas Stub, red. (1999). Grue kirkes brann pinsedag 1822: Et 150 års minne. s. 3. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]