Grunnfjorden på Ringvassøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Grunnfjorden er ein fjord på nordaustsida av Ringvassøya i Karlsøy kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 5,5 km sørover til Grunnfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Brennes i vest og Storneset i aust. Fv304 går langs austsida av fjorden og det er her dei fleste busetnadene ved fjorden ligg. På vestsida er det ikkje vegsamband. Vestsida er òg bratt og høg, og stig bratt opp til kring 300 meter over fjorden.