Gruppa Krovi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gruppa Krovi
Группа Крови

Studioalbum av Kino
Utgjeve 1988
Innspelt 1987
Sjanger Rock, russisk rock
Lengd 47:19
Selskap Moroz
Kino-kronologi
Notsj
(1986)
Gruppa Krovi
Группа Крови
Zvezda Po Imeni Solntse
(1989)


Gruppa Krovi (Группа Крови eller Blodtype) er eit album av det russiske rockebandet Kino frå 1988. Dette var albumet som for alvor sette Kino og frontfiguren Viktor Tsoj på kartet i russisk rock- og musikkhistorie. Med fengande rockemusikk ala The Smiths og The Cure, og politiske tekstar retta mot den unge generasjonen i Sovjetunionen vart Kino ekstremt populære i heimlandet. Tsoj bad ungdommen ta kontroll og gjere endringar i landet. Nokre av songane diskuterte sosiale problem som lamma nasjonen. Den enorme populariteten vart kalla «Kinomania», og Kino vart det mest populære bandet Sovjetunionen og Russland har sett til no. Noko av årsaka var den jordnære haldinga til bandet. Tsoj hadde framleis den gamle jobben sin i fyrrommet i bygget der han budde, og bandet tente aldri pengar på verken dette eller andre plater fordi dei gav vekk platene gratis.

Dette var òg det første Kino-albumet som vart spelt inn i eit nasjonalt studio, og hadde betre lydkvalitet og produksjon enn dei føregåande albuma.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Группа крови» (Gruppa Krovi — Blodtype) – 4:45
  2. «Закрой за мной дверь, я ухожу» (Zakroj za mnoj dver, ja ukhozju — Lukk døra, eg drar) – 4:15
  3. «Война» (Vojna — Krig) – 4:04
  4. «Спокойная ночь» (Spokojnaja Notsj — God natt) – 6:07
  5. «Мама, мы все сошли с ума» (Mama, my vse sosjli s uma — Mor, me har alle blitt gale) – 4:06
  6. «Бошетунмай» (Bosjetunmaj) – 4:09
  7. «В наших глазах» (V nasjikh glasakh — I augene våre) – 3:34
  8. «Попробуй спеть вместе со мной» (Poprobuj spet vmeste so mnoj — Prøv og syng i lag med meg) – 4:35
  9. «Прохожий» (Prokhozjij — Forbipasserande) – 3:39
  10. «Дальше действовать будем мы» (Dalsje dejstvovat budem my — No er det vår jobb) – 3:55
  11. «Легенда» (Legenda - Legende) – 4:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Viktor Tsoj — Gitar og vokal
  • Igor Tikhomirov — Bassgitar
  • Georgij Gurjanov - Trommer og korist
  • Jurij Kasparjan — Gitar og korist
  • Andrej Sigle — Tangentinstrument
  • I. Veritsev — Støy