Gry Østvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gry Østvik
Fødd 14. august 1963
Noreg
Yrke skiskyttar

Gry Østvik (fødd 14. august 1963) er ein norsk tidlegare skiskyttar som nasjonalt representerte HV-04.

Østvik vart i 1983 den fyrste kvinnelege vinnaren av verdscupen i skiskyting, den gongen kalla Europacup. Året etter vart ho nummer tre i verdscupen (Europacup), to poeng bak vinnaren, Mette Mestad. Under den fyrste verdsmeisterskapen i skiskyting for kvinner i Chamonix i 1984, gjekk ho på det norske laget som vann sølv i 3 x 5 km stafett, saman med Sanna Grønlid og Siv Bråten. I mars 1984 vart ho nordisk meister på 10 km i svenske Boden. Østvik fekk eit nytt VM-sølv i stafett i 1985, også då saman med Grønlid og Bråten. Seinare i 1985 vann ho sitt einaste individuelle NM-gull, på 10 km på Lygna i Gran kommune. Ho tok elles fleire NM-medaljar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.