Grytafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grytafjorden er ein fjord i Ålesund, Haram og Skodje kommuneSunnmøre. Han ligg sør for Grytastranda i Haram og nord for Ellingsøya i Ålesund. Fjorden strekkjer seg 22 km austover til Tennfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp ved mellom Kalvøya i nord og Hov på Ellingsøya, like nord for sjølve byen Ålesund, i sør. Mellom austenden av Ellingsøya og fastlandet går Taftasundet sørover til Ellingsøyfjorden som går parallelt til Grytafjorden på sørsida av Ellingsøya.

Fjorden er frå ein til to km brei og den største djupna er 169 m.

Riksveg 659 går frå Tennfjord og eit stykke utover langs nordsida av fjorden før han svingar nordover. Fv146 held fram utover fjorden.