Gudfjelløya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gudfjelløya (samisk Tjåehkere) er ei øy i Tunnsjøen i kommunane Røyrvik og Lierne i Trøndelag og er den høgaste innlandsøya i Noreg. Øya har eit areal på 6,1 km². Det høgaste punktet er Gudfjellet, 812 moh., som er 454 m høgare enn vatnet ho ligg i.

Øya har vore ein religiøst sett viktig stad for samane. Auststupet og ei revne midt på fjelltoppen vart nytta ved årleg ofring til guden Jomola. Den såkalla «Tunnsjøguden» er ei stor nær-kvadratisk steinblokk på platået. Guttorm Hansen har skildra historikken rundt dette i ei bok om Tunsjø-guden. I dag finn ein Lundquist gardsbruk og turistverksemnd på øya, som er ein populær utfartsstad for fjellfolk.

Eit 625 dekar stort skogkledd område på sørsida av øya vart gjennom kongeleg resolusjon 4. september 1981, erklært som naturreservat.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]