Guercino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Guercino
Atelier Guercino Autoritratto.jpg
Sjølvportrett, ca. 1635
Fødd 8. februar 1591
Cento
Død

22. desember 1666
Bologna

Sjanger portrett, religiøst maleri
Yrke kunstmålar

Giovanni Francesco Barbieri (8. februar 159122. desember 1666), betre kjend som Il Guercino («den skjeløygde»), var ein italiensk barokkmålar frå regionen Emilia-Romagna, aktiv i Roma og Bologna. Han laga også ei mengd framifrå teikningar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Jesus, Giovanni Francesco Barbieri; Guercino, 1621 (Dulwich Picture Gallery).
Freskoen Aurora i Roma, 1621

Barbieri var fødd i landsbyen Cento ved Bologna. 17 år gammal byrja han å arbeide i verkstaden til målaren Benedetto Gennari, ein målar av den såkalla Bologna-skulen. Seinast i 1615 hadde han flytt til Bologna, der arbeida hans vart rost av ein eldre Ludovico Carracci. Han måla to store måleri; Elias vert mata av ramnar og Samson pågripen av filisterar, der måleria ser ut til å vere skapt i ein naturalistisk stil à la Caravaggio. Med det er usannsynleg at Guercino hadde sett noko verk av Caravaggio. Måleria var bestilt av kardinal Serra, paven sin utsending i Ferrara.

Biletet Et in Arcadia ego vart måla i 1618, samstundes med Flåinga av Marsyas i Palazzo Pitti. Sjølv meinte han stilen hans var påverka av eit måleri i Cento av Annibale Carracci. Nokre av dei seinare verka hans synest heller å likne målemåten til hans store samtidige, Guido Reni, og er måla lysare og klårare. Også Sankt Petronellas gravleggjing og mottaking i himmelen vart laga i Roma, i 1621-22. Guercino nytta i dette verket seg av den type klassisisme som Carracci representerte.

Styrken og originaliteten i Guercinos verk vart merkbart forsømt etter han vart dregen inn i motreformasjonen sitt strenge biletprogram. Dei åra laga han elles ei rad altartavler.

Guercino over Reni sin verkstad i Bologna i 1642, då denne døydde. Han var ein høgt akta målar i samtida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Guercino