Guggenheimmuseet i Bilbao
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Guggenheim-museet i den spanske byen Bilbao vart opna i oktober 1997, og var resultat av mange års planlegging og samarbeid mellom baskiske styresmakter og stiftelsen Solomon R. Guggenheim. Baskiske styresmakter hadde lenge hatt ein plan for å revitalisera Bilbao som ein europeisk kulturby, og tok kontakt med Guggenheim-stiftelsen som straks tende på idéen om å byggja eit eige museum i Bilbao.
Store delar av museet vert til brukt mellombels utstillingar, som det siste året mellom anna har inkludert ein omfattande azteker-utstilling og ei utstilling med abstrakt ekspresjonisme innan malarkunsten. Den karakteristiske bygningen vart teikna av den nordamerikanske arkitekten Frank O. Gehry, og er i stor grad dekt av titan. Men òg glas, ulike steintypar og dessutan vatn utgjer viktige element i anlegget.
Faste utstillingar[endre | endre wikiteksten]
- The Mattar of Time. Skulpturar/installasjonar av skulptøren Richard Serra (fødd i San Francisco i 1939)
- Galleri 103:
- Robert Rauschenberg, abstrakt ekspresjonisme m.m.
- Amerikansk popkunst frå 1960 og framover, med verk av m.a. Jim Dine, Roy Lichtenstein, Claes Oldenburg, James Rosenquist og Andy Warhol
- Galleri 105:
- Representantar frå den hovudsakleg italienske retninga Arta Povera (no.: fattig kunst), med verk av m.a. Mario Merz og Jannis Kounellis
- Den engelske kunstnaren Richard Long arbeider med naturlege materialar som tre, stein og jord og kombinerer dette med geometriske figurar (som i verket Bilbao Circle frå 2000)
- Anselm Kiefer voks opp i eit splitta etterkrigs-Tyskland, hans bilete vert gjerne kalla «nyekspresjonistiske» og inkluderer både måling og organiske materialar som oske, jord, strå og frø
- Verkar og installasjonar som inngår i bygningsanlegget, m.a.:
- Jeff Koons' store og fargerike hundehvalp utanfor hovudinngangen
- Louise Bourgeois' store og livaktige edderkopp i bronse
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Guggenheimmuseet i Bilbao» frå Wikipedia på bokmål, den 8. oktober 2018.