Guillaume Dufay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guillaume Dufay

Dufay (attmed orglet til venstre), saman med Gilles Binchois
FøddCa. 1397
FødestadBersel i Brabant
Død27. november 1474
DødsstadCambrai i Frankrike
OpphavFrankrike
Aktiv1420–1463
SjangerRenessansemusikk
InstrumentOrgel
Verka somKomponist og organist

Guillaume Dufay eller Du fayt (5. august 139727. november 1476) var ein flamsk komponist av den flamske skolen, i samtida truleg den mest vidgjetne.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Dufay vart fødd nær Brüssel, truleg den 5. august 1397, som uekte son av Marie Du Fayt, og med ein far som vart verande ukjend. Han fekk tidleg opplæring i Vår Frue-katedralen i Cambrai, og vart korgut der frå hausten 1409. Han skal ha synt særskilde evner innan musikk og matematikk i ung alder, og vart først lært opp av korleiaren og komponisten Richard Loqueville, som kom til Cambrai i 1413.

Konsilet i Konstanz vart kalla saman, sende Cambrai-katedralen ei stor sendeferd i høve møtet. Ettersom Dufay var fråverande frå november 1414 og fram til 1417, vert det rekna som sannsynleg at han fór i lag med denne sendeferda til Konstanz. Under møtet fekk han truleg høyre mykje til dei nye straumdraga innan engelsk musikk, noko som påverka han i stor grad sidan. Etter 1417 vart Dufay tilsett som underdegn i kyrkja St. Géry.

1420–39[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1420 vart Dufay tilsett som komponist hjå den italienske Malatesta-familien, som rådde for landet attmed Adriahavet. I denne tida var det at Dufay byrja å komponere på eiga hand, og fekk snart stort omdøme. I 1424 var han attende i Flandern, og busette seg i Laon. Her blei han til 1426, då han la ut på nye ferder. Ved dette høvet skreiv han avskilsrondeauen Adieu ces bons vins de Lannoys. Våren 1427 var han attende i Italia og slo seg til i Bologna, hjå den pavelege sendemannen Kardinal Louis Aleman. Her vart han vigd til prest. I 1428 vart han tilsett som songar i kapellet til pave Martin V, og vart verande der til 1433. Denne stillinga var lønsam og ærerik, og dei pavelege songarane fekk med seg ei rekkje frynsegode i tenesta.

Etter at Dufay tok avskil med det pavelege kapellet, vart han tilsett hjå hertugen av Savoya, og åra etter var svært skapande for han. På same staden møtte han Gilles Binchois og diktaren Martin le Franc.

I juni 1435 kom Dufay attende til det pavelege kapellet, og var der til mai 1437. På denne tida komponerte han motetten Nuper Rosarum Flores. Med tida sa Dufay opp stillinga og reiste frå Roma, og kom attende til Savoya, og var der i to år til. Dufay vart sitjande fast i ei politisk klemme mellom paven Eugenius IV, den tidlegare hertugen av Savoya, som vart pave Felix V, og hertug Philip den gode av Burgund, under kyrkjemøtet i Basel, som utsending frå Cambrai. Samstundes kom han i kontakt med hertugen av Ferrara, Niccolò d’Este, noko som førte til at mykje av musikken hans vart teken vare på i biblioteket i Ferrara.

Seinare år i Cambrai[endre | endre wikiteksten]

Dufay var attende i Cambrai jula 1439, og her vart han verande, bortsett frå nokre mindre ferder til Italia. Mykje av virket hans i desse åra er knytt til styre og stell i kyrkja, og drøftingar med hertugen av Burgund. Han heldt òg fram med å skrive musikk.

Då han døydde i 1476, var han etter tilhøva ein rik mann. Han etterlét seg eit testament, og notat frå ein buforvaltar, som slo fast at han etterlét seg 1 822 livres, dobbelt så mykje som det Gilles Binchois etterlét seg då han døydde i 1460.

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

I dei seinare åra var Dufay rekna som den største av komponistane i samtida. Loyset Compère rekna han opp først av alle, og kalla han Musikkens måne og songaranes lys. Ein florentinsk organist kalla han det største kunststykket i vår tid (eit brev til Lorenzo de’ Medici).

Det er likevel noko usemje om ettermælet hans. Han vert mest ikkje nemnd etter 1500, og musikken hans vart ikkje stort skriven av eller prenta seinare. Om han vart hugsa, var det hjå teoretikarane, ikkje mellom dei praktiske komponistane. Teoretikarane drog han ofte fram som døme på rytmisk eller tonal eleganse.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Stilen til Dufay endra seg med åra. Tidlege verk ligg nær Ars Nova-stilen i hundreåret før, men med tida reiv han seg laus frå dette, og skreiv meir «engelsk». Han skreiv ei rekkje Cantus Firmus-messer, og ei lang rekkje hymner i Fauxbourdon-stil. Det er mogleg at det var Dufay som var først ute med den klassiske V-I-kadensen, som kjem tydeleg fram i dei seinaste messene hans.

Produksjonen hans var monaleg stor, og det meste av han er teke vare på.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]