Messe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For musikkforma, sjå Messe i musikk

Messe (av latin missa, opphavleg knytt til verbet mittere, som tyder 'sending', jfr. missio), er ei nemning som er nytta om den sentrale liturgiske handlinga i den kristne gudstenesta. Messa inneheld nokre faste ledd, som ikkje har vore skift på sidan mellomalderen. Sjølve ordet Missa er opphavleg knytt til utsendingsbodet som vert teke opp att ved enden: Gå i fred, ten Herren med glede, eller Messa er til endes, gå i fred.

Messeledda[endre | endre wikiteksten]

Dei faste ledda i høgmessa er kalla Ordinarieledda, som etter regelen skal vera med i kvar gudsteneste:

Attåt dette kjem det til nokre utskiftbare ledd, kalla proprieledd:

Attåt desse kjem det til nokre talte ledd: Helsing, canon og fadervår, som støtt er med, og proprieledda kollekt, Epistel, Evangelium, bøn og prefasjon. I den norske gudstenesta vert desse stort sett haldne ved like.

Messa har ei klår dramaturgi, som vert ivareteke gjennom ledda. Denne dramaturgien har vore så solid at det har synt seg vanskeleg å rokke ved han på mange hundreår.