Guillaume Gille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guillaume Gille


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 12. juli 1976 (47 år)
Valence
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Handball under Sommar-OL 2020 – Menn

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen, offiser av Den nasjonale fortjenstorden

Guillaume Alain Gille (fødd 12. juli 1976) er ein fransk handballtrenar og tidlegare -spelar frå Valence i Drôme-departementet. Han er dobbelt opp både olympisk meister, verdsmeister og europameister med det franske landslaget. I perioden 1996-2012 deltok han i 306 landskampar for Frankrike og skåra 678 mål. Han vann EHF-cupvinnarcupen 2007 for tyske HSV Hamburg, dessutan vart han fransk meister 2001 for Chambéry og tysk meister 2011 for HSV Hamburg. Gille var midtre rykkromspelar.

Guillaume Gille og den yngre broren Bertrand spelte i årevis i lag på så vel klubblag som landslag. Sidan 2020 er Guillaume Gille Frankrikes landslagsjef.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.