Guillaume Joli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guillaume Joli


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 27. mars 1985 (39 år)
Lyon
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen

Guillaume Joli (fødd 27. mars 1985) er ein fransk tidlegare handballspelar. Han er verdsmeister tre gongar, europameister to gongar og vart i 2012 olympisk meister med Frankrike sitt sigerrike landslag. Han spelte høgrekant.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Joli deltok i 118 landskampar i tida 2006-15, skåra 346 mål. Åra frå 2009 til 2015 sanka han nesten årleg ein gullmedalje med franske landslaget i antan verdsmeisterskap, europameisterskap eller olympiske leikar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Frå 2004 til -10 spelte Joli på det franske topplaget Chambéry, eit lag som kom på andreplass i landsserien fire gongar desse åra. Deretter var han to sesongar i kvar av laga Valladolid, Dunkerque og Wetzlar. Han avslutta med spel for Dunkerque i tida 2016 til -19. Hans einaste triumf på klubbnivå kom i den franske ligacupen med Dunkerque i 2013.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL-gull: 2012 med Frankrike
  • VM gull: 2009, 2011, 2015 med Frankrike
  • EM-gull: 2010, 2014 med Frankrike
  • Fransk ligacupvinnar: 2013 for Dunkerque

Kjelder[endre | endre wikiteksten]