Gullsjakal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gullsjakal

Golden wolf sa02.jpg

Vitskapleg namn
Canis aureus
Utbreiing
Status i verda: LC Livskraftig[1]
Habitat: Tørt ope sletteland
Region: Afrika og sørlege sentrale strøk i Eurasia

Utbreiingskart

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Vertebrata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Familie: Canidae
Slekt: Canis
C. aureus
Underartar
  • C. a. aureus
    • C. a. algerensis
    • C. a. anthus
    • C. a. bea
    • C. a. cruesemanni
    • C. a. hadranauticus
    • C. a. indicus
    • C. a. maroccanus
    • C. a. moreoticus
    • C. a. naria
    • C. a. riparius
    • C. a. soundanicus
    • C. a. syriacus
  • Gullsjakal (Canis aureus), òg kjent som vanleg sjakal og i Austen òg som asiatisk sjakal. Han ein ein av tre kjende artar av sjakalar og høyrer til hundefamilien. Dette er den vanlegaste av sjakalane, og han finst både i det nordlege og austlege Afrika og i sørlege sentrale strøk i Eurasia .

    Gullsjakal minner om ein ulv, men er mindre enn ein setter. Han ergjerne omkring 70-85 cm (60-106 cm er målt) i kroppslengd. Halen er ca. 25 cm lang og skulderhøgda er normalt ca. 38-50 cm. Vekta er normalt kring 8-15 kg. Dei nordlegaste variantane blir som regel størst. I Afrika blir gullsjakal truleg berre unnataksvis meir enn 10 kg.

    Pelsen er ganske grov og raudgul med ei kvit markering på halsen. Nokre stadar er han nær  søvfarga over ryggen. Buken er lysare, nær kvit eller bleikgul. Haletippen er alltid svart. Pelsen blir gjerne noko mørkare i vinterhalvåret. Det første tilfellet av melanisme (svarte individ) blei dokumentert mot slutten av 2012.[2] Det er òg små skilnader mellom dei ulike variantane. 

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]