Rovpattedyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For «rovdyr» i tydinga «predator», sjå predasjon.
Rovpattedyr


Fjellrev er eit rovpattedyr som finst i Noreg. Foto: Michael Haferkamp
Fjellrev på Svalbard

Systematikk
Rike: Dyr (Animalia)
Rekkje: Ryggstrengdyr (Chordata)
Underrekkje: Virveldyr (Vertebrata)
Klasse: Pattedyr (Mammalia)
Orden: Rovpattedyr (Carnivora)
Underorden
Malaybjørn er eit asiatisk rovpattedyr.
Kvalross er eit polart rovpattedyr.

Rovpattedyr (Carnivora) er ein orden av pattedyr som hovudsakleg jagar og et andre dyr. Det finst om lag 260 slag rovpattedyr. Alle stammer frå eitt dyreslag, kalla Miacis, som levde for om lag 50 millionar år sidan. Dei har liknande hovudform, rundt med ein kjegleforma snute og tydelege hjørnetenner og rovtenner.

Tidlegare pleide ein å dela rovpattedyra inn i to underordenar, Fissipedia, eller dei som stort sett levde på land, og Pinnipedia, av kjøtetande havpattedyr. Nyare klassifiseringssystem som ser meir på det genetiske slektskapet mellom dyra har delt dei inn i to nye grupper, katteaktige rovpattedyr (Feliformia) og hundeaktige rovpattedyr (Caniformia).

Dei fleste rovpattedyra er som sagt kjøtetarar, men mange kan òg ta til seg annan kost. Kjempepandaen et berre plantar. Fordelen med å eta kjøt er at dei utnytter ei nisje av næringsrike bytte. Ulempa er at å fanga og drepa desse dyra krev mykje energi. Rovdyra må altså alltid vurdera om det å jaga eit byttedyr vil føra til at det vinn eller tapar energi.

Det er ganske sjeldan at rovdyr jagar andre rovdyr. For det første finst det alltid færre kjøtetarar enn planteetarar i eit område, og for det andre er rovdyr utstyrte til å forsvara seg. For mange rovdyr kan sjølv små skader vera livstrugande, ettersom dei hindrer dyra frå å jakta.

Oversyn over rovpattedyra[endre | endre wikiteksten]