Gulsvik

Koordinatar: 60°22′55″N 09°36′30″E / 60.38194°N 9.60833°E / 60.38194; 9.60833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°22′55″N 09°36′30″E / 60.38194°N 9.60833°E / 60.38194; 9.60833

Gulsvik er namnet på ein gard og eit knutepunkt lengst sør i Hallingdal. Staden er senter i Sørbygda i Flå kommune, nett utanfor Hallingporten. Gulsvik har og vore den største garden i området, og dei fleste andre gardane i Sørbygda er knytt til denne historisk (Gulsvikvaldet).

Gulsvik var i si tid senter for den førande slekta i søre Hallingdal, og bonden på Gulsvik var kongeleg lendmann i seinmellomalderen. Garden heiter etter ein Gudulv eller Gunnulv, avstutta til Gul, som har vore ein vanleg mannsnamn i denne delen av Buskerud i nokre hundre år. Viktigaste oppsittar på garden i mellomalderen var ein Sigurd Bonde, som åtte store område i mange sokn.

Garden Gulsvik var udelt til kring 1430, då han vart skild i øvre, nedre og myljo Gulsvik. Vidare skifte kom til dei følgjande hundreåra, og gardane i området fekk tilnamn som Olasgarden og Herbrandsgarden etter drivarane.

ferje vart oppretta for farande til og frå Hallingdal, var Gulsvik det naturlege endepunktet i nord. Ferja gjekk då frå tettstaden Krøderen i sørenden av vatnet med same namn. Snart var det grunnlag for både skyss-stasjon og pensjonat nær gardane, og då Bergensbanen kom til kring 1900, vart stasjonen lagt nær same staden. I dag er Gulsvik framleis eit knutepunkt for farande opp gjennom Hallingdal.