Gulzar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gulzar
Gulzar 2008 - still 38227.jpg
Fødd 18. august 1936
Dina
Yrke filmregissør, manusforfattar, filmprodusent, lyrikar, skribent, songtekstforfattar, låtskrivar
Ektefelle Raakhee
Born Meghna Gulzar
Gulzar på Commons

Sampooran Singh Kalra (fødd 18. august 1936), kjend under artistnamnet sitt Gulzar, er ein indisk diktar, låtskrivar og filmregissør.[1]

Gulzar var fødd i Jhelum distrikt i Britisk India (noverande Pakistan). Familien hans, som var sikhar, flytta til India etter delinga av Britisk India. Han byrja karrieren sin som låtskrivar for S.D. Burman til filme Bandini frå 1963, og har verka med fleire komponistar av filmmusikk som R.D. Burman, Salil Chowdhury, Vishal Bhardwaj og A.R. Rahman. Han regisserte sjølv filmar som Aandhi og Mausam på 1970-talet og fjernsynsserien Mirza Ghalib på 1980-talet.

I 2004 blei han tildelt Padma Bhushan, den tredje høgaste sivile utmerkinga i India.[2] I 2013 vann han Dadasaheb Phalke-prisen, den høgaste prisen innan indisk film.[3] Han har også vunne Sahitya Akademi-prisen for urdu for novellesamlinga Dhuan i 2002 og fleire gonger den indiske National Film-prisen, 23 Filmfare-prisar, ein oscarpris og ein grammypris.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Amar Chandel (4. januar 2004). «The poet as the father». The Tribune. Arkivert frå originalen den 27. desember 2011. Henta 23. desember 2011. 
  2. «Padma Awards» (PDF). Ministry of Home Affairs, Government of India. 2015. Arkivert (PDF) frå originalen den 15. november 2014. Henta 21. juli 2015. 
  3. «Veteran Film Lyricist and Director Gulzar to be conferred Dadasaheb Phalke Award for the year 2013» (Press release). Press Information Bureau, India. 12. april 2014. Arkivert frå originalen den 18. mai 2015. http://pib.nic.in/newsite/PrintRelease.aspx?relid=104826. Henta 24. mai 2014. 
  4. «Gulzar to get Dadasaheb Phalke award». Indiatoday.in (India Today Group). 12. april 2014. Arkivert frå originalen den 3. mai 2014. Henta 12. april 2014. 
  5. «Gulzar selected for Dadasaheb Phalke Award». The Indian Express. 13. april 2014. Arkivert frå originalen den 15. april 2014. Henta 14. april 2014.