Gustine Hjelmeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gustine Hjelmeland
Fødd 1895
Død

1984 (89 år)

Gustine Gabrielsdotter Hjelmeland (18951984) var ein norsk lærar og indremisjonær frå Gaular.

Lærar[endre | endre wikiteksten]

Gustine Hjelmeland var yngst i ein syskenflokk på seks som vaks opp på Indre Hjelmeland i Gaular, nær det som no er Førde lufthamn. Mora Nille døydde då Gustine var ung.

Ikkje alle jenter fekk utdanning i denne tida, men Gustine fekk reise til lærarskulen i Volda, og jobba som grendaskulelærar for elevane frå Bringeland, Hjelmeland og Åse. Hjelmeland gjorde eit sterkt inntrykk som lærar og omsorgsperson.

Bygstad sentralskule vart bygd, vart grendaskulane nedlagde og Gustina Hjelmeland arbeidde dei siste yrkesaktive åra sine på den nye skulen.

Heimly[endre | endre wikiteksten]

Då brørne flytta ut i 1922 vart familiegarden på Hjelmeland skøytt over på systera til Gustine, Anna Hjelmeland. Etter at faren døydde i 1937, vart garden seld og Heimly bygd – eit stort hus som gav plass både til bustad for systrene, hybel på loftet og eige bedehus med møtesal og småsal.

Då Heimly vart innvigd som bedehus i september 1940, var det allereie ein viktig samlingsstad for musikklaget. Bedehuset hadde ein stor aktivitet der omreisande forkynnarar frå ulike misjonsgreiner alltid var velkomne.

Gustine starta Hjelmeland indremisjonslag, Heimly, 9. mars 1940. Ho var leiar for styret i ei årrekkje, dreiv sundagsskulen og kvinneforeininga og starta opp med tradisjonsrike samlingar som barnefest og ungdomsfest ved juletider, 17. mai-fest og basarar.

Lenge før Gustine døydde i 1984 testamenterte ho Heimly til indremisjonen. Bygningen vart brukt som bedehus heilt fram til 2010 då det vart selt og aktiviteten flytta til Bygstad bedehus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]