Guvernement i Bahrain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det er fire guvernement i Bahrain. Desse er Hovudstadsguvernementet, Nordguvernementet, Sørguvernementet og Muharraq. Det var tidlegare fem guvernement fram til september 2014, då Sentralguvernementet vart avskaffa. [1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første kommunen i Bahrain var Manama kommune som vart grunnlagd i juli 1919.[2] Kommunestyret vart valt kvart år og bestod av åtte medlemmar. Kommunen skal ha vore den første som vart grunnlagd i Den arabiske verda.[2] Kommunen hadde ansvar for å rydde vegar og leige ut bygningar til leigebuarar og butikkar. I 1929 byrja kommunen òg med vegbygging og opna marknader og slakteri.[2] I 1958 byrja kommunen vassreinsingsprosjekt.[2] I 1960 hadde Bahrain fire kommunar: Manama, Hidd, Al Muharraq og Riffa.[3] I løpet av dei neste 30 åra vart dei fire kommunane delte inn i tolv kommunar etter kvart som busetnader som Hamad by og Isa by voks.[3] Desse kommunane vart administrerte frå Manama under eit sentralt kommunestyre, der kongen peikte ut medlemmane.[4] Fram til 22. september 2014 var Bahrain delt inn i fem guvernement. Desse var:

Kart Guvernement Folketal (2014) Areal (km²)
New Governorates of Bahrain 2014.svg
Gul Hovudstadguvernementet 497 000 38
Gull Muharraq guvernement 202 000 56
Lyseblått Nordguvernementet 305 000 141
Rosa Sørguvernementet 155 000 438

Dei første kommunevala i Bahrain etter sjøvlstendet i 1971 var i 2002.[5] Det siste var i 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Gulf Daily News
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «History of Municipalities». Ministry of Municipalities Affairs and Urban Planning – kongedømet Bahrain. Henta 2. april 2017. 
  3. 3,0 3,1 «guvernement i Bahrain». Statoids. Henta 2. april 2017. 
  4. «Bahrain Government». Permanent Mission of the kongedømet Bahrain to the Dei sameinte nasjonane. Henta 2. april 2017. 
  5. «Three Polls, Three Different Approaches». The Estimate. 17. mai 2002. Arkivert frå originalen 2. april 2017. Henta 2. april 2017.