Guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Guvernement er ei undernasjonal forvatlingseining leia av ein guvernør.[1] Det kan samanliknast med norske fylke, men ofte med ein høgare grad av lokalt sjølvstyre.

I dag vert guvernementa oftast nytta som omsetjing av arabiske muhafazah, og sjeldnare wilayah, men ordet kjem opphavleg frå russisk gubernija, og vart brukt om dei administrative hovuddistrikta i Det russiske keisardømet.

I arabiske land[endre | endre wikiteksten]

I mange arabiske land er eit guvernement (arabisk مُحافَظَة , muḥāfaẓah, fleirtal muḥāfaẓāt) ei forvaltingseining direkte under staten (omtrent som fylke).

I Irak er ofte guvernementa omsett til provinser, i motsetnad til det som er vanleg i andre arabiske land.

I Det russiske keisardømet[endre | endre wikiteksten]

I Det russiske keisardømet var omgrepet guvernement (russisk: губе́рния gubernija, «leia av ein guvernør») brukt. Etter den russiske revolusjon vart desse erstatta med oblast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «guvernement» i Nynorskordboka.