Hawarøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°42′N 50°46′E
Hawarøyane
øygruppe
Hawar Islands.jpg
Feriestaden Hawar Islands.
flagg
Land Flag of Bahrain.svg Bahrain
Stad Persiabukta
 - koordinatar 25°42′N 50°46′E
Høgaste punkt 22
Areal 52 km²
Tidssone AST (UTCUTC+3)
Tal på øyar 16
Største øy Hawar
Bahrain adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Hawar Islands

Hawarøyane (arabisk جزر حوار; Juzur Ḩawār) er ei øygruppe av ørkenøyar som høyrer til Bahrain. Dei ligg like utafor vestkysten av Qatar i Bahrainbukta i Persiabukta.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sokotraskarv

Trass i at dei ligg nær Qatar (berre kring 1,1 km frå det qatarske fastlandet, og 16 km frå hovudøya i Bahrain),[1] høyrer øyane til Bahrain, men tidlegare har òg Qatar gjort krav på desse øyane. Saka vart løyst i 2001.[2] Øyane utgjorde tidlegare ein eigen kommune, eller minţaqat Juzur Ḩawār (مِنْطَقَة جُزُر حَوَار) og vert no styrt som ein del av Det sørlege guvernementet i Bahrain. Øyane dekkjer eit areal på kring 52 km².[3]

Øyane vart oppført som ein Ramsarstad i 1997.[4] I 2002 søkte den bahrainske staten om å få øyane inn på verdsarvlista på grunn av den unike naturen og habitat for utryddingstrua dyreartar;[5] men søknanden vart ikkje godkjend.[3] Staden er i dag heimstad til mange fugleartar, som sokotraskarv. Her finst òg små flokkar med arabisk oryx og sandgaselle og i havområda kring øyane finst store populasjonar av sjøku.[6]

Det finst i alt 36 øyar i gruppa,[4] men mange av dei mindre øyane er ikkje noko meir enn ei lita samling med sand eller grus. Søknanden som verdsarvstad omfatta åtte større øyar.[7] Ho har ofte blitt skildra som ei øygruppe på 16 øyar.[8] Janan, sør for Hawar, vert ikkje juridisk rekna som ein del av gruppa, sidan ho er eigd av Qatar.[9]

Øyane brukte å vere ein busetnad for den bahrainske greina av Dawasir-stammane, som slo seg ned her tidleg på 1800-talet.[10] Øyane vart først kartlagde i 1820, då dei vart kalla Warden’s Islands, og det vart registrert to landsbyar der.[5] Øyane er ikkje lenger busette, anna enn ein politigarnison og eit hotell på hovudøya. Tilkomst til alle øyane, utanom sjølve Hawar, er strengt avgrensa. Lokale fiskarar kan fiske i farvatna kring øyane, og det er noko fritidsfiske og turisme på og kring øyane.[11] Her har alltid vore lite ferskvatn, og har i tidlegare tider vore basert på samling av overflatevatn. I dag finst det avsaltingsanlegg på øya.[5]

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Hawarøyane[endre | endre wikiteksten]

Den klårt største øya er Hawar, som utgjer meir enn 41 km² av det samla arealet på 52 km².[3] Etter storleik følgjer så Suwād al Janūbīyah, Suwād ash Shamālīyah, Rubud Al Sharqiyah, Rubud Al Gharbiyah og Muhazwarah (Umm Hazwarah).

Namn Arabisk Høgaste punkt (meter) Kommentarar
Hawar جَزِيرَة حَوَار 25°39′19″N 50°44′58″E 22.0[12] Øya er 18 km lang og varierer i breidde frå 5,2 til 0,9 km.[13] Kontinuerlege strender på vestkysten, medan austkysten er meir klippete.[12]
Suwād al Janūbīyah سُوَاد اَلْجَنُوبِيَّة 25°38′33″N 50°47′59″E 4.0[12] Sør-Suwad. Sand- og grustrender.[12] Har ein stor koloni med sokotraskarv, kring 10 % av den samla populasjonen i verda.[5]
Suwād ash Shamālīyah سُوَاد اَلشَّمَالِيَّة 25°40′29″N 50°48′36″E 3.0[12] Nord-Suwad. Sand- og grussamlingar og saltsletter.[12]
Rubud Al Sharqiyah رَبَض اَلشَّرْقِيَّة 25°45′03″N 50°46′54″E 0.8[12] Aust-Rubud. Sand- og grusoppsamling.[12] Har ein stor koloni med strandhegre.[5]
Rubud Al Gharbiyah رَبَض اَلْغَرْبِيَّة 25°45′07″N 50°45′58″E 1.0[12] Vest-Rubud. Sand- og grusoppsamling.[12] Har ein stor strandhegrekoloni.[5]
Muhazwarah (Umm Hazwarah)   25°39′46″N 50°46′28″E 12.5[12] Klippeprega.[12]
Umm Jinni   25°40′31″N 50°47′05″E 0.5[12] Sand- og grusoppsamling.[12]
Ajirah جَزِيرَة عَجِيرَة 25°44′24″N 50°49′24″E 7.0[12] Klippeprega.[12]
Bū Sadād (Bu Sa’adad) (gruppe) جُزُر بُو سَدَاد 25°37′31″N 50°46′37″E 2.0[12] Sand- og grusoppsamling med somme klipper.[12]
Al Hajiyat (gruppe)   25°42′00″N 50°48′00″E 7.5[12] Tre øyar.[4]
Al Wukūr (Al Wakur) (gruppe) جُزُراَلْوُكُور 25°39′13″N 50°48′54″E 10.0[12] Isolerte holmar med grusstrender rundt.[12]
Bu Tammur (gruppe)   25°37′00″N 50°47′00″E 1.5[12]

Dei følgjande øyane vert ikkje rekna som ein del av Hawarøyane i følgje Den internasjonale domstolen (ICJ), og ligg mellom Hawar og Bahrainøyane, og vart ikkje gjort krav på av Qatar, men har av den bahrainske staten vore rekna som ein del av øygruppa og var ein del av verdsarvsøknanden i 2002.[5][14]

Namn Arabisk Koordinatar Høgaste punkt Kommentarar
Jazīrat Mashtān (Mashtan) جَزِيرَة مَشْتَان 25°48′22″N 50°40′54″E   Den nordlegaste øya og den som ligg nærmast Bahrainøya. Omtrent halvvegs mellom Bahrain og den nordlegaste av Hawarøyane, Rubud Al Gharbiyah. Sjølv om her særs liten ved flo sjø, er ho ganske stor ved fjøre sjø.[15]
Al Mu`tariḑ اَلْمُعْتَرِض 25°47′12″N 50°42′51″E Eit rev søraust for Mashtan.[5] Her finst mange sjøkyr i området.[16]
Fasht Bū Thawr (Bu Thur) فَشْت بُو ثَوْر 25°48′00″N 50°46′00″E Eit korallrev som kjem til syne i fjøre sjø, kring 100 meter langt.[5]

Jananøya[endre | endre wikiteksten]

Janan er ei lita øy sør for Hawar, som heller ikkje vert rekna som ein del av øygruppa i følgje Den internasjonale domstolen. Basert på ein tidlegare avtale mellom Qatar og Bahrain, då begge var eit britisk protektorat, vart ho ikkje rekna som ein del av Hawarøyane, og dette vart opprettheldt av domstolen.[9] Øya vart gjeven til Qatar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. International Maritime Boundaries : vol. IV. American Society of International Law. 2002. s. 2844. ISBN 904111954X. 
  2. 2,0 2,1 «Case concerning maritime delimitation and territorial questions between Qatar and Bahrain» (PDF). ICJ. 16. mars 2001. s. 81. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «IUCN Evaluation of Nominations of Natural and Mixed Properties to the World Heritage List». www.hawar-islands.com. 2004. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Hawar Islands verneområde: Management Plan (PDF). January 2003. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 5,8 «Nomination file: The Hawar Archipelago». Government of Bahrain. 11. juni 2002. 
  6. «Bahrain» (PDF). Ramsar Convention. s. 12. 
  7. «Case concerning maritime delimitation and territorial questions between Qatar and Bahrain» (PDF). ICJ. 13. juni 2000. s. 12. 
  8. «Case concerning maritime delimitation and territorial questions between Qatar and Bahrain» (PDF). ICJ. 9. juni 2000. s. 28. 
  9. 9,0 9,1 «Case concerning maritime delimitation and territorial questions between Qatar and Bahrain» (PDF). ICJ. 16. mars 2001. s. 54. 
  10. «Case concerning maritime delimitation and territorial questions between Qatar and Bahrain» (PDF). ICJ. 16. mars 2001. s. 44. 
  11. «Bahrain» (PDF). Ramsar Convention. s. 11. 
  12. 12,00 12,01 12,02 12,03 12,04 12,05 12,06 12,07 12,08 12,09 12,10 12,11 12,12 12,13 12,14 12,15 12,16 12,17 12,18 12,19 12,20 12,21 «Bahrain Bird Report». Hawar-Islands.com. 
  13. «An archaeological survey of Hawar Island». Arabian Archaeology and Epigraphy. November 2001. s. 143. 
  14. Hawar Islands verneområde: Management Plan (PDF). January 2003. s. 10 (map). 
  15. «Case concerning Maritime Delimitation and Territorial Questions between Qatar and Bahrain» (PDF). ICJ. 16 March 2001. s. 61. 
  16. «Dugong». Hawar-Islands.com. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]