Gylne altar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gyllent altar frå Lisbjerg kyrkje, retabelet.

Gylne altar eller gylne alter er den kunsthistoriske nemninga på ein eigen type forgylla bilete som har vore nytta på framsida av altarbordet (altarfrontale), og som tavle over altarbordet (retabel), i somme mellomalderkyrkjer. Bileta er framstilt på den måten at ein bakgrunn av tilforma eikeplankar med motivet grovt skore ut, vart dekt av tynne, forgylte koparplater med motivet hamra eller pressa detaljert fram i relieff. Somme detaljar vart dessutan føydde til med måling, og kontrastane likeins framheva med farge. Bergkrystall på ein bakgrunn av farga pergament eller tøy, som på fråstand gav inntrykk av å vere kosteleg edelstein, har vore sett inn fleire stader, men er no som oftast falle ut.

Gyllent altar frå Odder kyrkje, montert som ei tavle med retablet øvst, frontalet nedst.
Lisbjergaltaret, frontalet.

Dei fleste av dei gylne altra som er teke vare på, finst i Danmark, og det same gjeld fragmenta av slike altar. Tre gylne altar pryder framleis kyrkjene sine: Sahl (i Holstebro Kommune) og Stadil kyrkjer i Vest-Jylland, og Lyngsjö kyrkje i Skåne (som var dansk land i mellomalderen). På Nationalmuseet i København finst fem gylne altar, som alle er frå austjyske kyrkjer: Lisbjerg, Odder, Ølst, Sindbjerg og Tamdrup; det gylne altaret frå Tamdrup er klippa opp av di bileta seinare har vore nytta på preikestolen i kyrkja. Frå Kværn i det tidlegare danske Sydslesvig, som no er tysk område, kjem eit gyllent altar som er å sjå på Germanisches Nationalmuseum i Nürnberg. På Statens historiska museum i Stockholm finst eit gyllent altar frå den nedrivne Broddetorp kyrkje i Västergötland i Sverige. Dei forgylte relieffbileta i Bergen museum som har gått under namn av Flåværaltaret, skriv seg truleg frå eit relikvieskrin, ikkje eit gyllent altar.

I nokre høve har kjernen av tre gjeve grunnlag for ei etter måten nøyaktig tidfesting ved hjelp av dendrokronologi. Slik har det gylne altaret frå Lisbjerg, som har fått påsett eit eldre krusifiks på eit no ukjend tidspunkt, kunne tidfestast til om lag 1135.

Sjølv om Norden, særleg Danmark, dominerer når det gjeld talet på gylne altar og fragment av slike altar som er tekne vare på, går det fram av ulike skriftlege kjelder at denne altartypen har vore nytta andre stadar òg i Europa i mellomalderen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Grinder-Hansen, Poul. 1999. Nordens gyldne billeder fra ældre middelalder. [Fotografi ved Gérard Franceschi, biletredigering ved Asger Jorn; 10000 års nordisk folkekunst.] København: Borgens Forlag. ISBN 87-21-00389-0