Gyngestol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvinne i gyngestol av Viktor Borisov-Musatov, 1897
Gyngestol (utan stolputa) som gyngar på eit understell, ikkje på golvet. Stolen er festa til understellet med ei kraftig spiralfjør midt på kvar av meiane, på innsida av dei. Dette var USA-amerikanske modellar som òg fann vegen til Noreg.

Ein gyngestol er ein stol med to meiar, ein meie festa til dei to venstre stolbeina og den andre meien festa til dei to høgre stolbeina. Dette gjev gyngestolen kontakt med bakken på berre to stader, slik at han kan gynga fram og tilbake ved at personen som sitt på gyngestolen kan lene kroppsvekta fram og tilbake, og stolen gyngar. Gyngestolar er ofte laga av trevirke.

Meiniga med gyngestolar er at den som sit i stolen skal kunne gynge seg att og fram i eit sakte tempo for å finne avslapping og ro.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.