Stol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå stol på strengeinstrument.
Pinnestolar frå Småland i Sverige.
Elfenbeinstrona til Ivan den grusomme av Russland.
Foto: Stan Shebs

Ein stol er eit møbel til å sitja på. Stolen er meir komplisert enn ein krakk, i og med at han har eit ryggstø. Stolar har som regel fire bein, og av og til armlener. Dei kan gå frå å vera enkle pinnestolar av tre til store, stoppa lenestolar.

Stolar har ofte vore statussymbol. I Vest-Afrika før koloniseringa hadde ein kongestolar som berre leiarane kunne sitja i. I vikingtida og mellomalderen i Noreg og Europa var det òg vanleg at berre stormennene sat på stolar, medan vanlege folk måtte sitja saman på benkar.

Stoltypar[endre | endre wikiteksten]

Stolar finst i mange variantar. Nokre vanlege typar er: