Håkon Evjenth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håkon Evjenth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. desember 1894
Bodø
Død

10. juni 1951 (56 år)

Yrke advokat, barnebokforfattar
Far Haakon Martin Evjenth

Håkon Evjenth (26. desember 189410. juni 1951) var ein norsk forfattar og jurist frå Bodø, kjend for barnebøkene sine frå nordnorsk natur.

Evjenth vart cand.jur. i 1917 ved Universitetet i Oslo. To år seinare fekk han innført den fyrste vorsteh-hunden til Noreg. Frå 1921 dreiv han som sakførar i Vadsø. Interessa for kultur og natur leia til at han i 1927 gav ut boka Finnmarksjakter. Åra 1927-30 hadde han stipend frå Institutt for sammenlignende kulturforskning, og budde 4 år i ei gamme i Suonjo på Varangerhalvøya.[1]

Størst merksemd fekk Evjenth med ungdomsromanen 3 på to og 2 på fire i 1935. Denne og fleire andre bøker gjev innsikt i friluftsliv, nordnorsk geografi og samisk levevis. Under andre verdskrigen var Evjenth aktiv motstandsmann, sat 1943-45 fange i Bodø, Trondheim, Falstad og på Grini. Krig i kvitt vert rekna som den første romanen om krigen i Nord-Noreg.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Skjønnlitteratur

  • 1928 – Folk under fot (roman)
  • 1935 – 3 på to og 2 på fire (ungdomsbok)
  • 1936 – På to og fire i Suonjo (ungdomsbok)
  • 1937 – Over Kjølen i kano (ungdomsbok)
  • 1939 – En fiskergutt i sameland (ungdomsbok)
  • 1940 – På langferd i grenseland (ungdomsbok)
  • 1941 – Falkefengeren (ungdomsbok)
  • 1945 – Krig i kvitt (ungdomsbok)
  • 1947 – På falskt pass (ungdomsbok)
  • 1948 – Hytta i fjellet (ungdomsbok)

Faglitteratur

  • 1927 – Finnmarksjakter
  • 1938 – Gutten som Norge glemte. Johan Koren
  • 1945 – Han som reddet verden. Winston Churchill
  • 1946 – Trollbotn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Vold, Karin Beate (27. januar 2023). «Håkon Evjenth». Norsk biografisk leksikon (på norsk).