Håkon Meyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håkon Meyer

Fødd11. mars 1896
Oslo
Død23. oktober 1989 (93 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (ukjend; 1940), Nasjonal Samling (1940; 1945)
Yrkepolitikar
FarLudvig Meyer

Håkon Ludvig Meyer (11. februar 189623. oktober 1989) var ein norsk politikar frå Oslo. Ludvig Meyer var far hans.

Meyer var medlem i Arbeidarpartiet frå 1915 og hadde mange tillitsverv i partiet og ungdomsrørsla. I 1922 vart han vald til formann i Norges Kommunistiske Ungdomsforbund. To år seinare var han mellom skiparane av Venstrekommunistisk Ungdomsfylking. Frå same året, 1924, var han sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet og representerte partiet på mange partikongressar utanlands. I tida 1929-34 var han redaktør partitidsskriftet «Det 20. århundre». Han skreiv elles fleire bøker om mellom anna arbeidarrørsla. Etter Noreg vart okkupert i 1940 arbeidde han for at arbeidarrørsla skulle samarbeide med Nasjonal Samling, noko han hadde minimal stønad for. Han valde då i staden å melde seg inn i NS og fekk arbeid i Quisling-administrasjonen. I 1945 dømd for landssvik.

Meyer flytta til Sverige då han vart sett fri i 1949. Han døydde i Malmö, der han hadde levd som importør av tyske industrivarer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]