Håkons Hall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For steinhallen i Bergen, sjå Håkonshallen.
Håkons Hall

Opna1. februar 1993
Kart
Håkons Hall
61°07′26″N 10°28′27″E / 61.12382°N 10.474063°E / 61.12382; 10.474063

Håkons Hall er ein fleirbrukshall på Lillehammer. Han vart opphavleg bygd som den største av to ishockeyarenaer til vinter-OL 1994. Arenaen kan på det meste romme om lag 11 500 tilskodarar, og er med det den nest største fleirbrukshallen i Noreg, etter Telenor Arena i Bærum. Hallen vart opna 28. desember 1993, som den 27. ishallen i Noreg.

Hallen er teikna av Østgaard arkitekter A/S ved arkitekt Terje Grønmo.

Dei to viktigaste ishockeyturneringane som er spelte i hallen, var ishockeyturneringa under OL og VM 1999. Under handball-VM 1999 for damer vart det spelt fleire kampar i Håkons Hall, mellom anna finalekampane. I handball-EM 2008 for menn vart også semfinalane og finalekampane spelte der. Hallen var også arena for Junior Eurovision Song Contest 2004. Arrangementet Spellemannprisen vart i fleire år halde i Håkons Hall. Også Idrettsgallaen har vorte halden der.

I dag vert hallen driven som eit sportssenter med mellom anna to handballbanar, seks volleyball– eller badmintonbanar, to squashbanar, ein stor moderne klatrevegg som er motorisert, golfsimulator og styrkerom.

Norges Olympiske Museum ligg også i Håkons Hall. Saman med dei andre olympiske arenaene på Lillehammer, utgjer den ein del av Lillehammer Olympiapark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]