Vinter-OL 1994

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vinter-OL 1994
Vertsby Lillehammer i Noreg
Nasjonar 67
Idrettsgreiner 12
Opna 12. februar 1994, av Kong Harald
Avslutta 27. februar 1994
Utøvarar
Menn 1215
Kvinner 522
Totalt 1737
[[Dei olympiske {{{sesong}}}leikane]]


Vinter-OL 1994 vart arrangert i Lillehammer. Dette var andre gong OL vart arrangert i Noreg og var dei 17. olympiske vinterleikane i rekkja. Delar av leikane vart haldne på Hamar (der Vikingskipet og Hamar OL-Amfi vart bygt for nettopp dette) og på Gjøvik (Fjellhallen).

Andre byar som hadde ønskt å arrangera meisterskapen, var Anchorage i USA,Östersund og Åre i Sverige og Sofia i Bulgaria.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Bjørn Dæhlie, som deltok i langrenn.

Nyvinningar[endre | endre wikiteksten]

Ettersom IOK hadde vedteke at sommar- og vinter-OL frå no av skulle haldast med to år imellom, blei OL på Lillehammer arrangert berre to år etter OL i Albertville i 1992. Dette er einaste gongen same typen OL er blitt halde med så kort mellomrom.

Dette OL-arrangementet var det første i historia som der resultata vart formidla direkte via Internett, av det norske selskapet Oslonett.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Beste nasjon vart Russland med 11 gullmedaljar. Noreg ende opp med 10 gull-, 11 sølv- og 5 bronsemedaljar.

Dei norske gullmedaljane kom ved:

Medaljestatistikk[endre | endre wikiteksten]

Dei beste nasjonane Olympic rings with white rims.svg
Nr. Nasjon G S B Totalt
1 Flag of Russia.svg Russland 11 8 4 23
2 Noreg Noreg 10 11 5 26
3 Tyskland Tyskland 9 7 8 24
4 Italia Italia 7 5 8 20
5 USA USA 6 5 2 13
6 Sør-Korea Sør-Korea 4 1 1 6
7 Flag of Canada.svg Canada 3 6 4 13
8 Sveits Sveits 3 4 2 9
9 Flag of Austria.svg Austerrike 2 3 4 9
10 Sverige Sverige 2 1 0 3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]