Hopp til innhald

Idrettsgallaen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Idrettsgallaen er ein seremoni for å heidre dei største idrettsnamna og beste prestasjonane og andre som har gjort ein stor innsats for norsk idrett i idrettsåret før utdelinga. Idrettsgallaen er eit samarbeid mellom Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité, Norsk Tipping og NRK. Gallaen vart fyrste gongen arrangert i Hamar OL-Amfi i 2002 og har vorte halen den fyrste helga i januar kvart år sidan. Idrettsgallaen har sidan starten vorte overført direkte via NRK der dei nominerte blir presentert og prisane blir delt ut.

Dan Børge Akerø var fast programleiar for Idrettsgallaen frå starten i 2002. I 2009 vart Akerø erstatta med Bård Tufte Johansen, som òg leia showet i 2010. I 2011 var Haddy N'jie og Erik Solbakken programleiarar, og i 2012 overtok Anne Rimmen for Solbakken. Det er ei rekkje kulturinnslag mellom utdelingane.

Frå 2002 til 2004 hadde gallaen namn frå det året førestillinga vart gjennomført sjølv om gallaen vart halden året etter. I 2005 vart det vedteke å endre namn slik at det vart oppkalla etter det kalenderåret der gallaen vart halden. Dette tydde at det ikkje er nokon «Idrettsgallaen 2005».

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Det har gjennom åra vorte utdelt ulike prisar under idrettsgallaen. Sidan 2007 har ein delt ut følgjande prisar: Årets namn, Årets trenar, Årets kvinnelege utøvar, Årets mannlege utøvar, Årets eldsjel, Årets forbilde, Årets funksjonshemma utøvar, Årets lagspelar, Årets gjennombrot, Opi klasse, Prisen til utøvarane, Lagspel og Idrettsgallaens heiderspris.

Tidlegare har òg Kniksens heiderspris, Kniksenprisen, Den olympiske ordenen og IOKs Frivillighetspris vore utdelt på Idrettsgallaen. Kniksenprisane delast no ut i samband med dei andre fotballprisane helga før cupfinalane.

Ulike kategoriar har òg vore prøvt ut, endra eller forkasta. Desse har vore brukt: Konsentrasjon, Styrke, Snøggleik og spenst, Styrke og kraft, Spenst og estetikk, Lagkonkurransar, Kondisjon/uthald, Uthald, Mellomdistanse, Nykommer, Årets Idrettskommune, Årets Idrettsøyeblikk og Årets Idrettsblinkskudd. I 2009 vart Juryen sin tilleggspris tildelt Magnus Carlsen for innsatsen hans i sjakk.

Kandidatane under kategorien Årets eldsjel blir plukka ut av dei ulike idrettsforbund under Norges Idrettsforbund. For resten av kategoriane er det ein jury beståande av framtredande sportspersonlig hetar som vel dei nominerte. Prisane blir røysta fram gjennom interaktive- og telefonavstemninger. Prisen til utøvarane blir tildelt han som får flest stemmar frå dei øvrige aktive idrettsutøverne.

Årets namn[endre | endre wikiteksten]

Høgdepunkt frå dei einskilde åra[endre | endre wikiteksten]

  • Idrettsgallaen 2002: Bente Skari og Ole Einar Bjørndalen delte tittelen årets idrettsnamn. Skari vann i tillegg prisen innan Kondisjon/uthald. Skiskyttaren Liv Grete Skjelbreid Poiree vann òg to prisar: Årets førebilete og konsentrasjon. Olaf Tufte fekk utøvarane sin pris.
  • Idrettsgallaen 2003: Dette vart det store året for Petter Solberg som vann heile fire prisar: Årets namn 2003, årets førebilete, prisen til utøvarane og ope klasse. Det vart utdelt ein hederspris til Rolf Sæterdal som er tidlegare medarbeider hos Olympiatoppen
  • Idrettsgallaen 2004: Gallaen sin mestvinnande dette året, og dessutan vinnar av Årets namn 2004, vart terrengsyklisten Gunn-Rita Dahle. Gallaen var forresten prega av Jordskjelvet i Indiahavet 2004 og det vart difor oppretta ein idrettsaksjon samstundes med gallaen.
  • Idrettsgallaen 2005: Styret vedtok å endre namn på idrettsgallaen til det årstalet gallaen blir arrangert, ikkje namn etter det året prestasjonane vart utført. Premiane for idrettsåret 2005 vart difor utdelt under idrettsgallaen 2006, slik at det i realiteten ikkje er noko som heiter "Idrettsgallaen 2005". Det vart likevel avgjort at prisen Årets namn skal titulerast med det årstalet idrettsprestasjonen vart utført.
  • Idrettsgallaen 2006: Gallaen sin mestvinnande dette året var Marit Bjørgen som m.a vart kåra til Årets namn 2005. Stein Johnson vart vinnar av Idrettsgallaens hederspris.
  • Idrettsgallaen 2007: Årets namn 2006, Idrettsgallaens heiderspris og ytterlegare to prisar gjekk til Kjetil André Aamodt, som offentleggjorde avgjerda si om å gje seg som toppalpinist på direkten.
  • Idrettsgallaen 2008: Aksel Lund Svindal vann både årets mannlege utøvar og prisen til utøvarane, medan det var Odd-Bjørn Hjelmeset som vart kåra til Årets namn 2007.
  • Idrettsgallaen 2009: Årets namn 2008 vart Noregs kvinnelandslag i handball. Handballjentene sette eit sterkt preg på denne denne gallaen, der totalt fem prisar var relatert til laget deira, spelarane deira, og innsatsen til trenarane i 2008. Aleksander Dale Oen fekk utøvarane sin pris, og Grete Waitz vann Idrettsgallaens heidringspris.
  • Idrettsgallaen 2010: Petter Northug jr. vart kåra til Årets namn 2009 og fekk i tillegg utøvarane sin pris.
  • Idrettsgallaen 2011: Thor Hushovd vann både årets mannlege utøvar, og prisen til utøvarane i tillegg til at han vart kåra til Årets namn 2010.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Her er årets idrettsgalla-vinnere. dagbladet.no (4. januar 2014)